Nyheter

Diakon i Spania: – Eg er stolt av å jobbe i Sjømannskirken

Fleire tilsette og frivillige har ytra misnøye med arbeidsforholda i Sjømannskirken. Ellen Faye Lindvig kjenner seg ikkje att i det kritikarane skildrar.

– Eg jobbar ikkje i ein organisasjon prega av sjukemeldingar og uro, og eg har aldri møtt nokon i organisasjonen som har denne opplevinga, seier Lindvig.

I laurdagens Vårt Land ytrar fleire si misnøye med styre og stell i Sjømannskirken. «Det er ofte man går grinende hjem fra jobb fordi det er fullstendig kaotisk», sa ein tilsett ved kyrkjelyden på Gran Canaria som vil vere anonym. Såleis er det ikkje for diakon Ellen Faye Lindvig, som jobbar for Sjømannskirken i Albir-Villajoyosa i Spania.

– Dei eg treff er stolte og engasjerte. Sjølv om nokon har utfordringar, opplever eg ikkje at dette pregar alle dei andre stasjonane, fortel ho.

I helga var Lindvig tilbake i Norge ein tur. Først då oppdaga ho at ikkje alle har det like greitt på jobb i Sjømannskirken.

– Vi arrangerte nettopp ein vellukka ungdomsfestival i Spania, kor vi hadde 40 ungdommar til stades. Det var gospelsong og topp stemning. Så kjem eg på gudsteneste i Norge og får høyre frå folk at det går dårleg i Sjømannskirken. Det reagerte eg på, sidan eg ikkje kjenner meg igjen i det.

Kritikken mot Sjømannskirken går blant anna ut på at hovudkontoret i Bergen ikkje skal vere gode nok på å stille opp når det oppstår konfliktar i utlandet. Lindvig fortel at dei i Albir-Villajoyosa ikkje har hatt behov for ekstern konflikthandtering.

– Det trengst ikkje hos oss. Vi er eit stort og team og er gode på å fordele oppgåvene. Og så har vi ein dyktig dagleg leiar, Trine Færevåg. Ho har jobba her i 7 år og var i Stockholm før det igjen.

LES MER: Yrjan (29) fant Jesus i mørket etter 22. juli. I høst blir han Sjømannskirkens nye prest i Houston

Ser framover

I etterkant av konfliktane på Gran Canaria blei Andreas Iversen i august tilsett som drifts- og stabsleiar for denne sjømannskirka. I laurdagens Vårt Land fortel fleire frivillige og tilsette ved stasjonen om misnøye med styre og stell både lokalt og frå Bergen. No ser Iversen framover.

– Eg er her no, og har ikkje perspektiv på det som har skjedd i fortida. For meg er dette ei solid moglegheit til å skape eit godt arbeidsmiljø framover. Eg jobbar med ein flott gjeng og den interne tonen er god.

Iversen meiner at livet for dei tilsette i Sjømannskirken er noko for seg sjølv.

– Å bryte opp med familie og dra til eit anna land, er ei utfordring i seg sjølv. Vi har fire par med til saman tolv born i staben.

Også menigheitslivet skil seg frå kyrkjene i Norge, i følgje Iversen.

– Det som kjenneteiknar Sjømannskirken, er at miljøet rundt kyrkja er sterkare enn heime. Menigheita er tettare på dei som jobbar her. Det er positivt. Det betyr mellom anna at vi får hjelp når vi trenger det.

Iversen er også godt nøgd med samarbeidet med dei tilsette ved hovudkontoret i Bergen.

– For meg har det vore ei velsigning å jobbe med hovudkontoret i Bergen. Dei er dyktige og stiller opp 24/7, det er aldri vanskeleg å kome i dialog med dei.

LES MER: Glansbildet som havarerte

Kompleks organisasjon

- Fleire tek til orde for at Sjømannskirken har strukturelle utfordringar som syner seg i dårleg handtering av konfliktar på lokalt nivå. Er dette ei utfordring for ein så omfattande organisasjon?

– Nei, det er ikkje strukturelt problem. Men i store organisasjonar vil dei strukturelle løysingane alltid vere diskusjonstema. Eg har jobba med alt frå store bedrifter som Statoil og Hydro til små familiebedrifter. Det eg har lært, er at verda er rimeleg kompleks, og du må finne denne rette forma for å unngå konfliktar.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter