Nyheter

Boris - ein britisk, breial bajas

Boris Johnson skyr tåkeprat. Han har bygd karrieren på fornærmingar. Onsdag blir han statsminister i Storbritannia.

Dei 160.000 medlemmene i det konservative partiet har talt:

Dei vil ha Alexander Boris de Pfeffel Johnson som partileiar ­og med det statsminister i Storbritannia.

Borgarane i det Sameinte kongedømmet, drygt 65 millionar i talet, er ikkje like entusiastiske. I ei undersøking YouGov har gjort for avisa The Mirror, seier 39 prosent av dei at Boris Johnson er ein bajas, 31 prosent stolar ikkje på han, og 26 prosent stemplar han som uansvarleg.

Men frå sine eigne får Johnson store ord: Boris er det store treet i regnskogen. Alle mindre tre vil anten gå til grunne i skuggen frå det store treet, eller kjempe for å få sin eigen plass i sola. Seier far Stanley Johnson.

LES MEIR: – Britene trenger et symbol å samles om

Idolet Churchill

Onsdag oppsøkjer Theresa May dronning Elisabeth for å søkje avskil, og dronninga vil gje Johnson oppdraget med å skipe ei ny regjering. Med dette er ein sirkel slutta.

Då Elisabeth blei dronning i 1952, var Winston Churchill statsminister, og ho kan kome til å avslutte med Boris Johnson som statsminister, som har Churchill som sitt store politiske førebilete.

Frittalande politikar

Då statsminister May overraskande valde Johnson til ny britisk utanriksminister i 2016, vekte det oppsikt:

– Kva blir det neste? Dracula som helseminister, lydde kommentaren frå pressetalsmannen i det sosialdemokratiske partiet i Tyskland.

Med utnemninga blei Johnson sjef for korpset av diplomatar som tenkjer seg om to gonger før dei seier ingenting. I to år frykta dei kva ministeren kunne få seg til å seie som dei måtte rydde opp i.

Då han i vår melde seg på i kampen om å bli partileiar og med det britisk regjeringssjef, lova Johnson alle som elskar hans frittalande stil at det ikkje blir endringar:

– Eg vil halde fram med å uttale meg så tydeleg som eg kan, for det er det eg trur det britiske folk vil ha.

Nådelause analyser

. Som i 2012, som borgarmeister i London, då Den norske nobelkomiteen gav fredsprisen til EU - Boris Johnsons fremste hatobjekt – forklarte han tildelinga slik:

– Kanskje var dei fulle; kanskje var det ein av desse sure, skandinaviske kveldane då sola hadde gått ned og det ikkje var anna å gjere enn å dukke ned i akevitten.

Frå åra som medlem av det britiske parlamentet, og som borgarmeister, leverte Johnson ei lang liste av fornæringar.

USAs tidlegare utanriksminister Hillary Clinton er blitt samanlikna med ein «sadistisk sykepleier på mentalsjukehus», og Johnson har meint at USAs eks-president Barack Obama ber nag til britane som følgje av sine kenyanske røter.

Russlands president Vladimir Putin er blitt stempla som ein «nådelaus og manipulativ tyrann» som liknar på husnissen Noldus i Harry Potter.

Borgarane i det britiske samveldet er blitt omtalt som «piccaninnies», eit sterkt nedsetjande ord mot afrikanske barn.

Leiarkampen i Det konservative partiet har Johnson kalla «orgiar i kannibalisme og høvdingdrap à la Papua Ny-Guinea».

I 2015 måtte han avbryte eit besøk i Palestina etter å ha kome med fleire provoserande proisraelske utsegner. Som at boikotten av israelske varer «komplett galskap» og at boikotten var driven fram av «venstreorienterte akademikarar i kordfløyelsjakker med sin eigen agenda».

LES MEIR: Voldsepisode mot lesbisk par ryster Storbritannia

Klesskifte før maktskifte

Apropos klesstil. Lenge var Boris Johnsen synonymt med alt for store dressar, vrengte sokkar og sjuskete skjorter. Men då han augna at vegen opp gjennom politikken faktisk kunne ende i Downing street nummer 10, steig ein ny Boris Johnson fram.

Vekke var den rufsete manken, dressane sat betre og mannen inni hadde blitt slankare. Kvinna bak imageendringa var Carrie Symonds, PR-rådgjevar i «Team Johnson». Og elskarinne.

Rykta om utruskap har følgt Johnson lenge. I fjor skilde han og kona gjennom 25 år lag. No bur han saman med 24 år yngre Symonds, som kan bu seg på å bli Storbritannias fru statsminister.

Sendt på kostskule

Boris Johnsen har sidan barneår vore oppteken av å vere best. I bordtennis, i quiz, i latin. Som 13-åring blei han sendt på Eton. Far Stanley meinte kostskulen var best skikka til å gjere barn til gode menneske.

Eg vil påstå at oppdraging er alt for viktig til at ein kan overlate dette til foreldra, meinte han.

Etter Eton studerte Boris Johnson på eliteuniversitetet Oxford, og sikra seg på nytt eit knippe framskotne verv, som sa at han var best; den utvalde.

EU-hatar

Boris Johnson valde journalistikken som yrkesveg, men opphaldet i The Times enda brått. Johnson fekk sparken etter å ha fabrikkert sitat frå ein professor, hans eigen gudfar, som hevda at kong Edward 2 hadde boltra seg med ein homofil ven i ein nyoppdaga middelalderruin i London.

The Daily Telegraph gav lingvisten ein ny sjanse, som korrespondent i Brussel. Herfrå sende Johnson heim artikkel etter artikkel som viste fram røynda om Den europeiske union: All møkk skulle lukte likt i Europa. Kondoma skulle få éin europeisk storleik. Potetchips med rekesmak skulle bli forbode.

Kollegaer frå Brussel-åra seier at Boris Johnson berre var oppteken av éi sak: Vise at Unionen var galskap. Da var det ikkje så nøye om alt ikkje var sant.

Problem i kø

No har Johnson fått mandat til å løyse det britiske brexitmarerittet. Han har langt på veg lova å ta nasjonen ut av EU innan fristen 31. oktober, koste kva det koste vil. Prisen kan bli svært høg. Kanskje blir han den siste statsministeren i Storbritannia. Kanskje sprekk det Sameinte kongedømmet, som blei skipa i 1707.

Men aller først må Boris Johnson løyse den eskalerande krisa i Gulfen. Kanskje med høglydt kanonbåtdiplomati.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter