Er buksa eller ryggsekken produsert under trygge og gode vilkår, der arbeidarane ikkje blir grovt utbytta?
I dag er det ingen informasjonsplikt i norsk rett om grunnleggjande rettar og arbeidsvilkår i leverandørkjeda. Det ønskjer Etikkinformasjonsutvalet å endre. Utvalet som skal levere sluttrapporten innan jul, har no levert ein statusrapport.
LES MEIR: Krystallenes mørke side
Informasjonsplikt
Konklusjonen er klar: «En lovpålagt informasjonsplikt vil kunne bidra til mer åpenhet og innsyn i globale verdikjeder som på sikt kan bidra til bedre vern av grunnleggende rettigheter og arbeidsvilkår i leverandørkjeden.
– Me ønskjer ein lov om informasjonsplikt fordi dette kan styrkje rettane til dei som produserer varene og tenestene våre, og fordi me ønskjer at produsentane skal ha like konkurransevilkår, noko lovkrav kan gje. I tillegg vil informasjonsplikt gje forbrukarane betre informerte kjøpsval, seier Heidi Furustøl.
Ho er dagleg leiar i Etisk handel Norge og medlem i Etikkinformasjonsutvalet. Arbeidet med å endre lovverket starta i 2016. Då fremma Sp, MDG og KrF eit forslag om at Norge bør få ein lov om etikkinformasjon. Same år ba Stortinget regjeringa om å utgreie og vurdere ein slik lov.
Haldningar
Fleire studier viser at forbrukarane vil gjere gode, etiske val når dei handlar inn nye forbruksvarer.
I Forbrukarrådets Undersøkelse om etisk handel, som er gjort i år, seier sju av ti nordmenn at dei vil «styre unna» verksemder som kan knytast til brot på menneske- og arbeidstakarrettar eller uforsvarleg miljøhandtering. Seks av ti meiner det er viktig å vite kvar varene er produserte.
Ei undersøking frå det internasjonale risiko- og klassifikasjonsselskapet DNV GL viser at ni av ti selskap opplever press for å ha ei meir berekraftig leverandørkjede – og at det er forbrukarane som pressar hardast på.
Handlingar
Men det er avstand mellom haldningar og handlingar, skriv Etikkinformasjonsutvalet i den ferske statusrapporten, og viser til forskning som viser at «pris og vaner ofte er avgjørende i kjøpsøyeblikket».
Utvalet forklarar dette med at forbrukarane kanskje manglar god nok informasjon til å gjere medvitne val.
Oppgåva med å gå leverandørane etter i saumane er enorm. FNs spesialrepresentant for arbeidsliv og menneskerettar opplyser at minst 80.000 fleirnasjonale selskap, med 800.000 dotterselskap, og millionar av leverandørar og underleverandørar sender ut varer på den globale marknaden.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) seier at minst 70 prosent av all internasjonal handel i dag involverer globale verdikjeder. Desse kjedene er komplekse og fragmenterte – og eigarskapen til sjølve produksjonen er ofte sterkt avgrensa.
LES MEIR: Oppfordrer til etisk besvisstgjøring
Utbytting
FNs organisasjon for arbeidslivet (ILO) peikar på at produksjonsstadane blir via mykje merksemd når ein arbeider med verdikjeder, men at utfordringane ofte er langt større bakover i kjedene. Her snakkar ein om framstilling og bearbeiding av råvarer.
Eit døme: I nobeltalen tok fjorårets fredsprisvinnar Denis Mukwege opp barnearbeidet i Kongo: «Vi er alle glade i fine biler, smykker og gadgets. Jeg har selv en smarttelefon. Disse gjenstandene inneholder mineraler som finnes i vårt land. Ofte utvinnes de av unge barn under umenneskelige forhold, ofre for trusler og seksuell vold.»
Etikkinformasjonsutvalet seier i statusrapporten at det vil ha ei lov om informasjonsplikt. Fram til desember skal utvalet arbeide med korleis ein slik lov kan utformast.