Nyheter

Sender ut barn

Medan europeiske land nølar med å hente barna til IS-krigarar, har Irak byrja å deportere barn. Men ingen norske barn på liste.

I ei pressemelding skriv Iraks utanriksdepartement at irakiske styresmakter, i samarbeid med Russlands ambassade i Bagdad, har sendt ut 33 russiske barn som alle har foreldre som var ein del av terrororganisasjonen IS. Heimsendinga fann stad 10. juli, opplyser talsmann Ahmad Al-Sahaf.

Utanriksdepartementet i Irak opplyser vidare at det har organisert deportasjon av heile 473 barn til land i Europa og Asia. Norge er ikkje mellom landa som blir lista opp.

LES MEIR: Varmen dreper barn i leirer i Syria

Ti land

Konkret fortel meldinga at det er snakk barn frå Russland, Tajikistan, Aserbajdsjan, Georgia, Kviterussland, Ukraina, Tyrkia, Tyskland, Frankrike og Finland.

Departementet seier ingenting om barna har vore i Irak eller om det er barn som kjem frå nabolandet Syria, som over år trekte til seg særs mange framandkrigarar som kjempa for IS.

Irakisk press

Talsmann Ahmad Al-Sahaf opplyser at departementet har hatt fleire bilaterale møter med ulike land om utsending av barn. I tillegg er Iraks ambassadar i ulike land instruert til å leggje press på landa som har barn i Irak om å hente ut barna.

Ukjent i Finland

I Finland seier utanriksdepartementet at dei ikkje har høyrt noko om deportasjon av finske barn med IS-foreldre.

– Irak har ikkje kontakta oss i denne saka, fortel kommunikasjonssjef Vesa Häkkinen til yle.fi, den finske kringkasterens nettavis.

Statsminister Antti Rinne seier det same: Han har ikkje høyrt noko frå Irak, men seier til Yle at dersom det er tilfelle at finske statsborgarar blir deportert frå Irak, ja, så skal landet ta i mot dei som kjem:

– Ein finsk statsborgar får alltid sleppe inn i Finland, me stengjer ingen ute.

Bøn frå FN

Oppmodingane om å hente barna til foreldre som var IS-krigarar har vore mange det siste året. Sist ut var FNs høgkommissær for menneskerettar, Michelle Bachelet. Fleire land, mellom dei Norge, har henta heim nokre få barn, men må ta ansvaret for alle sine statsborgarar, kravde Bachelet i juni.

Politiets tryggingsteneste (PST) gjekk i vår ut og sa at rundt 40 norske barn med IS-foreldre oppheld seg i Syria.

9.000 utanlandske

FNs barnefond (UNICEF) seier rundt 29.000 barn av IS-krigere oppheldt i Syria og Irak. Rundt 20.000 av dei er irakiske, medan dei andre er barn av framandkrigarar frå nesten 50 andre land, mange europeiske.

Etter at dei fem foreldrelause barna kom i juni, har ikkje PST justert talet på norske barn i Syria.

LES MEIR: Solberg vurdere å hente hjem barn uten mødre

KrF-vilje

I Norge henta regjeringa heim fem foreldrelause barn i juni. Utover dette er det liten synleg vilje å hente heim dei andre norske barna frå Syria. Regjeringa er splitta i synet på heimhenting av alle. Då KrF oppsummerte første halvår i 2019, sa KrF-leiar og barneminister Kjell Ingolf Ropstad at det er gode samtalar i regjeringa om heimhenting - og at han har tru på ei løysing.

Solberg-svar

På statsministerens kontor er haldninga meir avventande. Då statsminister Erna Solberg (H) oppsummerte første halvår sa ho at heimhending av barn med mødrer «ikke har vært regjeringens politikk så langt, og ikke noe vi planlegger for øyeblikket».

Men, la Solberg til, regjeringa «må se om det er mulig» å hente barna deres.»

---

Barn av IS

  • Rundt 40 norske barn med IS-foreldre oppheld seg i Syria, fortel Politiets tryggingsteneste (PST).
  • Regjeringa er splitta i synet på kva som skal skje med desse.
  • Fem foreldrelause norske barn blei henta heim at Utanriksdepartementet i juni.
  • Samla er det om lag 9.000 barn med IS-foreldre i Syria og Irak.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter