Nyheter

Påverknad på parkbenk

Den kvardagslege redsla vår for å trø andre for nær kan gjera at vi vert unnvikande også når vi treng god konfrontasjon og viktig påverknad.

For eitt år sidan sat eg på ein parkbenk i sentrum av Newcastle og tok meg sjølv i å tjuvlytta stadig meir intenst til samtalen på nabobenken. Det var eit underleg opptrinn. Ein mann hadde gått bort til eit par han heilt tydeleg ikkje kjende, og tok opp ein samtale som raskt dreidde inn på eksistensielle spørsmål.

Mannen bar ikkje preg av manglande dømekraft, og korkje diksjon eller diskurs hadde underordna seg kong alkohols herredøme på noko vis. Ikkje bar han ulasteleg mormonar-dress, og ikkje vifta han med siste utgåva av Vakttårnet.

Ein heilt alminneleg mann, altså, i den grad ein slik kategori finst, i energisk samtale med framande om livets store spørsmål midt på lysaste føremiddagen.

Rista ikkje på hovudet

Opptrinnet var også interessant fordi paret reagerte så overraskande. Den eine var avvisande til mannens gudstru, men avviste på ingen måte verken mannen eller samtalen.

Kvinna lytta nøye til alt og verka oppriktig interessert i å få svar på ymse spørsmål. Lange og innfløkte resonnement bølga fram og tilbake, og då mannen etter ei tid måtte lausriva seg, sat dei to att i oppslukt diskusjon.

LES OGSÅ: Det vi ikke snakker om i sommerferien

Ingen av dei rista på hovudet av han som venleg takka for praten og sprang for å nå bussen.

Slik kan ein samtale om tru sjå ut, dersom ein ikkje tenkjer at tru er farleg eller privat. Men med mi typisk norske innstilling kan det sitja langt inne å ta opp store spørsmål, både med vener og framande.

Kva går vi glipp av?

Vi kan seia og meina at tru ikkje skal vera ei privatsak, men i praksis er det langt meir privat enn både partisympatiar og pengesaker. Så kan vi jo gjerne seia, med særnorsk ettertrykk, at vi ikkje vi ha det slik, at ein vilt framand skal trø oss nær med sitt meir eller mindre heilfrelste bodskap om korleis tilveret heng i hop.

Takka seg til normal norsk togn. Takka seg til armslag og mellomrom, både på buss og benk. Ja, det er jo noko godt med dette òg. Men kva går vi glipp av med vår metodisk distanserte tilnærming?

Vi går glipp av mellommenneskeleg sliping. Samtalen i Newcastle såg ut til å opna ei grenseflate mellom tre innhaldsmessig ulike univers, men det gav òg rom for å opna seg for at forbipasserande er noko meir enn berre ein i mengda.

Det krev mot, både å opna seg og å setja grenser. Å «ikkje-forhalda seg» til omgjevnadane, slik i alle fall eg ofte gjer på veg frå a til b, er på mange vis litt feigt.

Men noko er endå verre, og det er at vi kanskje dreg med oss denne unnvikande innstillinga også til stader der vi verkeleg skulle våga å positivt konfrontera kvarandre.

Ikkje objektivt

Tidlegare i år gav Carsten Hjort Pedersen, leiar for det danske Kristent pædagogisk institut, ut boka Påvirk med respekt, ei bok som nettopp tematiserer den gode konfronteringa i dei mange situasjonar som inneber ei eller anna form for det han kallar «pædagogisk magt».

Modellen Hjort Pedersen skisserer viser at det som kan gå gale i «påvirkningens rum» knyter seg til det å gå for tett på – intimisering – eller det å unnvika – desertering.

LES OGSÅ: Hvorfor er psykisk helse i blindsonen, Ulstein?

At den konstruktive påverknaden i følgje modellen handlar om den gode vekslinga mellom konfrontering og tilbaketrekking er i og for seg ikkje noko nytt, men forfattarens kontante oppgjer med ideen om «nøytral påverknad» er svært inspirerande.

Kvifor skal ein kristen akseptera at gudløysa stadig skal passera som objektiv og nøytral? Lat meg låna den danske pedagogens ord: «Det er naivt, hvis man hævder, at mainstream-kulturens agnosticisme og religions-relativisme er neutrale positioner, som i sig selv hindrer indoktrinering, social kontrol og tvang».

Poenget er at dersom vi kombinerer dei dominerande ideane om «nøytralitet» med ein tendens til å vika unna i staden for å påverka, vert resultatet sjølvsagt ikkje objektivt, vi vert berre påverka av eit anna sett med idear.

Vi treng det

Tilbake til parkbenken i Newcastle kan ein sjølvsagt velja å sjå mannen som ein som «intimiserer» ved å trø paret for nær med sine idear om det gode livet. Han hadde jo ikkje noko mandat eingong!

Trass i at eg som erkenorsk tjuvlyttar sat med ei slik kjensle, kan eg ikkje seia anna enn at vi har noko å læra av motet hans.

Vi treng at folk vil oss noko anna enn å selja oss ting. Det er faktisk godt at folk vil oss noko.

Vi treng heller å læra oss å handtera ulike posisjonar og gløyma ideen om det «nøytrale rommet» for, som Carsten Hjort Pedersen formulerer det: «Ikke-påvirkning, det finnes ikke».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter