Nyheter

Babylon på verdsarvlista

Ruinane etter Babylon får endeleg hyllesta mange har lengta etter

Babels tårn og det myteomspunne Babylon er kjent for dei fleste. Her skal Gud ha forvirra menneske for det himmelstrakte tårnet og forvist dei til jordas hjørner. Babylon står att som eit symbol for ondskap og dekadanse.

fredag fastsette verdensarvkomiteen at leivningane etter oldtidsbyen skulle bli innlemma i den heiderlege lista over verdas viktigaste kultur- og naturarvstader. Området finn stad sentralt i Irak, omkring ti mil utanfor Bagdad.

Underverk

«Leivningane er eit unikt vitnesbyrd over eit av dei mest innverknadsrike imperium i den antikke verda», skriv UNESCO i erklæringa si. Babylon blir blant anna assosiert med eit av dei sju underverka frå antikken. Legenden om Dei hengande hager i Babylon har stått som inspirasjon for kulturell og religiøs verksemd i heile verda. Ein veit framleis ikkje om hagane fanst eller ikkje, eller kor plasseringa skal ha vore.

Åstad for krig

Oldtidsbyen, som blei fordømt i Bibelen og knytta til svart magi av Koranen, har lenge vore åstad for uro og krig. Styrkar frå begge sider i Irakkrigen i 2003 påførte grunnleggande skadar på leivningane. Saddam Hussein bygde eit stort palass like ved, medan amerikanske krigsstyrkar skal ha landa militærhelikopter rett oppå det arkeologiske området. Mange gjenstandar og rapportar frå tidlegare utgravingar har blitt stolne og øydelagde.

Mykje står att

Storskala utgraving har ikkje blitt gjort på eit århundre. Den eksakte plasseringen av Babylon blei først kjent på midten av 1800-talet. Arkeologar reknar med at store delar av byen framleis er under jorda.

Irak har i lang tid forsøkt å tiltrekka seg internasjonale turistar ved å bygga infrastruktur og fremja oldtidskulturen deira. Konfliktar og uro har heile tida satt stopparar for visjonane. Med seiaren over IS og ny listeplass på verdsarvlista kan det endra seg.

Jo Arne Hansen-Marvik

Mer fra: Nyheter