Nyheter

Han gav 200.000 til Dei Kristne

Næringslivsleiar Morten Freberg har gjeve 200.000 kroner til Partiet Dei Kristne. Vil aldri støtte KrF.

Ved stortingsvalet i 2017 samla Partiet Dei Kristne (PDK) ei ­nasjonal oppslutning på 0,3 prosent – og gjorde det best i Vest-Agder med 0,8 prosent av røystene.

Giverne

For å ruste partiet til kommune- og fylkestingsvalet har ein privatperson og eit firma gjeve PDK 250.000 til no. Miljø-IT-selskapet Reknes har gjeve fylkeslaget i Møre og Romsdal 50.000 kroner medan næringslivsleiaren Morten Freberg har gjeve 200.000 kroner til partiet sentralt, viser valkampbidragsregisteret på Partifinansiering.no.

Freberg er maskinentreprenør og aktiv i PDK. Han var fylkestopp i Vestfold ved stortingsvalet, og er no kommunelistetopp for PDK i Tønsberg. Pengegåva er frå han som privatperson.

Beskjed fra Gud

– Kvifor har du gjeve 200.000 til PDK?

– Eg er berre ein forvaltar, og Gud har bedt meg om å støtte partiet økonomisk.

Freberg seier han aldri kunne ha støtta KrF økonomisk etter at tidlegare partileiar Knut Arild Hareide i fjor haust opna for å samarbeide med Arbeidar­partiet.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter