Nyheter

Tvinga til å lage matlov av resteforslag

KrF tvinga Høgre, Frp og Venstre til å ­plukke matkasteloven opp av søpla. Medan regjeringa lagar lov, deler matministeren ut pengar til Matsentralen.

– Me kastar over 350.000 tonn mat i år, det er vanvittig mykje. Difor er eg glad for å kunne gje sju millionar kroner til Matsentralen, som arbeider med matsvinn, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Då KrF snekra 2019-budsjettet i fjor haust blei dei fire borgarlege partia samde om å løyve sju millionar til matsentralar. Matsentralen Norge er ei ideell foreining som reduserer mengda kasta mat. Gjennom snart åtte sentralar samlar ein inn mat som ville gått i søpla.

Produsentar, grossistar og leverandørar gjev overskotsmat til matsentralane, som så sorterer maten. 400 ideelle organisasjonar hentar mat på sentralane og hjelper menneske i naud. I fjor blei seks millionar måltid omfordelt.

LES MEIR: Slik kom matkasteloven på plass

Tvinga

KrF har lenge vore opptekne av maten som blir kasta. Partiet har ønskt å regulere dette med eigen lov: Norge måtte få ein eigen matkastelov (sjå eiga sak).

Den første lovoppskrifta gjekk i søpla. Solberg-regjeringa - utan KrF - meinte ein frivillig avtale med matbransjen var vegen å gå. Denne avtalen kom på plass i 2017.

Men for vel eit år sidan tvinga Stortinget, med KrF i brodden, regjeringa til å leite fram lovarbeidet frå søpla.

Tek tid

I februar gav klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) Miljødirektoratet i oppdrag å «utarbeide et grunnlag for departementets videre arbeid i saken». Dette arbeidet skal vere ferdig innan årsskiftet. Først i 2020 byrjar Klima- og miljødepartementet å arbeide med utkastet til sjølve loven, som skal til Stortinget.

Når lovforslaget blir lagt i hendene på lovgjevarane, kan ikkje KrFs landbruks- og matminister Olaug Bollestad, som også er fungerande partileiar, svare på:

– Det vågar eg ikkje svare på, seier ho.

Blir medvitne

– Kva er det me får med ein matkastelov som me ikkje får me dagens bransjeavtale?

– Me hiv alle mykje mat, og det er mange små bedrifter som også kastar mat. Eg tenkjer at det vil gjere noko med heilskapen for oss alle, seier Bollestad, og legg til:

– Me blir medvitne på at det som er brukande kan leverast til sentralar som kan bruke dette vidare.

– Når lovverket er på plass, kor mykje er svinnet redusert med då?

– Me har redusert ganske mykje berre frå 2015 til 2017, 12-13 prosent, så potensialet er stort. Eg skulle gjerne ha sett i kula og sagt så mange prosent, men eg forventar ein stor verknad av det, og eg forventar at det kjem nokon til gode.

LES MEIR: Dårlig samvittighet av å kaste mat

Mål

På oppdrag for Matvett, bransjeorganisasjonen som arbeider med å redusere matsvinnet i Norge, har Østfoldforskning utarbeida Matkastebordet. Det viser at gjennomsnittsnordmannen kastar nesten 43 kilo matvarer årleg.

Når Matvett legg til det matindustri, daglegvarehandel, hotell og kantine kastar, blir talet 73 kilo per innbyggjar – og det er redusert med 13 prosent frå 2015 til 2017.

Stortinget er samd om at FNs berekraftmål nummer 12.3 er eit fornuftig nasjonalt mål: «(...) matsvinn skal reduseres med 50 prosent innen 2030.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter