Nyheter

Slik kom matkasteloven på plass

KrF gjekk saman med opposisjonen, mot regjeringa. No sit KrF i regjeringa - og lagar matkasteloven.

KrF fremma forslaget om ein eigen lov mot matkasting hausten 2016:

Daglegvarebransjen og næringsmiddelindustrien må bli pålagt å gje fullgod mat til menneske framfor å kaste han.

Venstre sa nei, og dermed forsvann utsikten til fleirtal i Stortinget. Høgre og Framstegspartiet ønskte slett ikkje å bruke lov for å få ned mengda kasta mat.

Men rett før jul 2016 ba ein samla næringskomité på Stortinget regjeringa «utrede og eventuelt foreslå en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og dagligvarebransjen».

Året etter kom matbransjen, som ikkje ønskjer ein matkastelov, opp med ein avtale. Bransjen og styresmaktene blei samde om å halvere matsvinnet innan 2030 gjennom frivillige ordningar. KrFs haldning var at avtale var fint, men at ein eigen lov ville vere mykje betre.

LES MEIR: KrF tvinga regjeringa til å plukke matkasteloven opp av søpla

I søpla

Hausten 2017 var utgreiinga Stortinget hadde bede om klar: «Utgreiinga konkluderer med at det ikkje synest å vere nødvendig med ei matkastelov på noverande tidspunkt», melde dåverande landbruksminister Jon Georg Dale (Frp), og heldt fram bransjeavtalen. Høgres dåverande næringsminister, Monica Mæland, sa seg heilt samd: «Vi kan ikke gjøre alt vi er imot forbudt ved lov.»

KrFs matkastelov gjekk rett i søpla

Fleirtalskrav

Fram til januar i år var KrF i opposisjon i Stortinget, men gjorde både i 2017 og 2018 budsjettavtalar med regjeringa. Så, i februar i fjor, fekk KrF tvinga Solberg-regjeringa til å plukke opp lovforslaget frå søpla - ved å stå saman med opposisjonspartia.

Då Stortinget handsama stortingsmeldinga om Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi, kom KrF på fleirtalslaget. Saman med Ap, Sp, SV og MDG vedtok partiet at:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av mat- svinn.»

LES MEIR: Dårlig samvittighet av å kaste mat

Etterlysing

Eitt år seinare, i februar i år, etterlyste MDGs stortingsrepresentant Une Bastholm loven:

«Når vil regjeringen legge fram et forslag til matkastelov for Stortinget?», spurte ho klima- og miljøminister Ola Elvestuen frå partiet som eigentleg ikkje ønskjer ein slik lov, Venstre.

Elvestuen svarte at «regjeringen vil komme tilbake til Stortinget på egnet måte», og utdjupa «Det er i denne forbindelse viktig å trekke på erfaringer med bransjeavtalen, for å sikre at forslaget til matkastelov utfyller øvrig virkemiddelbruk på en god måte».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter