Nyheter

Stortinget avviser hatkrimtiltak

SV vil at langt fleire politidistrikt enn Oslo skal ha eigne hatkrimgrupper. FNs rasediskrimineringskomité ber om det same. Tysdag seier Stortinget nei til forslaget.

Oslo  20170704.
Politiet med de nye politijakkene. NB! Modellklarert til redaksjonell bruk. 
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

To ferske hatkrimhendingar:

Ei gravid kvinne blei overfalt og trakassert på opa gate i Oslo i februar. Politiet meiner kvinna blei spytta og hetsa på grunn av sin etnisitet.

Ein mann blei arrestert og sikta for truslar og hatkriminalitet i Sandnes i februar. Han var ein del av eit følgje som hengte opp høgreekstremt materiell.

SV fremma i oktober eit privat lovforslag der partiet ber Solberg-regjeringa spisse kampen mot hatkriminalitet:

Opprette spesialgrupper i politidistrikta som skal arbeide mot hatkrim, og målet er å dekkje heile landet, og heve den samla hatkrimkompetansen i politiet.

Opprette ei nasjonal eining med koordinerings- og fagansvar for hatkriminalitet.

LES MEIR:

Kritikk frå FN

To månader etter at SV fremma det såkalla dokument 8-forslaget, stilte Norge til høyring i FNs rasediskrimineringskomité (CERD). I rapporten etter todagarshøyringa seier CERD klart frå om kva Norge bør gjere for å intensivere kampen mot hatkrim:

Politiet må etter modell av Oslo politidistrikts spesialgruppe få fleire hatkrimgrupper; langt fleire grupper blir etterspurt.

Norge bør opprette ei nasjonal koordinerande eining som leverer og følgjer opp detaljert statistikk over saker, dommar og klager som omhandlar hatkrim.

Sjølv om politiet i Norge registrere fleire melde hatkrimsaker, fryktar CERD at mørketala er store. Komiteen kritiserer også mangelen på informasjon om kva som blir gjort for å verne sårbare grupper mot hatkrim.

Regjeringa vil «bekjempe»

I den politiske plattforma som blei meisla ut i januar, nøyer Høgre, Frp, Venstre og KrF seg med eit punkt: «Hatkriminalitet (...) er et stort og alvorlig problem, og regjeringen vil føre en aktiv politikk som bekjemper dette».

KrF, som i januar gjekk inn i Solberg-regjeringa, seier i partiprogrammet «at politiet skal prioritere etterforsking av hatkriminalitet». Venstre som gjekk inn i fjor seier ingenting konkret om hatkrim i programmet.

Ap vegrar

Då SVs forslag om fleire hatkrimgrupper i politidistrikta og ei nasjonal koordinerande eining kom til behandling i Stortingets justiskomité i vinter, sa ein samla komité at:

«(...) hatkriminalitet og hatefulle ytringer er alvorlig kriminalitet som må tas på alvor. Denne type kriminalitet rammer ikke bare det enkelte offer, men skaper utrygghet i samfunnet generelt.»

Men regjeringspartia vil ikkje at justisministeren skal bli instruert til å opprette fleire hatkrimgrupper i politiet, og Ap strekkjer seg berre til å støtte «at det gjennomføres systematisk og obligatorisk opplæring om hatkriminalitet i alle politidistrikt.»

I utakt

SVs medlem i justiskomiteen, Petter Eide, meiner Solberg-regjeringa og justisministeren er i utakt med Riksadvokaten. I innstillinga minner SV om at «hatkriminalitet er ett av de områdene som Riksadvokaten i rundskriv av 1/2018 uttrykkelig har sagt skal prioriteres».

– Ved å stemme ned forslaget viser regjeringa og Tor Mikkel Wara at dei ikkje er i takt med Riksadvokaten, og det er slett ikkje bra, seier Eide.

Politiet avgjer

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) sa til Vårt Land i februar at «ei øyremerking av ressursar til politidistrikta vil gje
 politiet mindre handlingsrom til å prioritere ressursane dit
 behovet til ei kvar tid er størst».

– Eg meiner difor det skal vere opp til det einskilde politidistrikt å vurdere om dei skal opprette ei eiga hatkrimgruppe slik dei har gjort i Oslo, poengterte Wara.

SVs Petter Eide meiner politiet må omstillast for å møte eit nytt kriminalitetsbilde:

– Me ser at talet på melde hatkrimsaker går opp, dette må politiet bli rusta til å møte. Difor meiner eg øyremerking til fleire hatkrimgrupper er vegen å gå.

LES MEIR: Varsler vegleiar mot hatkrim

Takkar nei

I innstillinga frå justiskomiteen, som skal opp til debatt i Stortinget i dag, kritiserer SV og Ap justisministeren for manglande innsats. Partia meiner hevinga av hatkrimkompetansen i politidistrikta er «tilfeldig og frivillig»:

«Eksempelvis har Politidirektoratet finansiert kompetansehevingstiltaket Rosa kompetanse justis siden 2011. Hvert år får politidistriktene gjentatte tilbud om kompetanseheving i hatkriminalitet, men svært få takker ja. I 2017 fikk alle politidistriktene tilbud om Rosa kompetanse justis, men kun to takket ja».

Skuvar ansvar

Lene Vågslid (Ap), leiar i Stortingets justiskomitè, etterlyser vilje til å gje politidistrikta betre driftsbudsjett, «slik at ein blant anna kan få på plass kompetanse og kapasitet i kvart distrikt». Ho meiner regjeringa må ta rapporten frå FNs rasediskrimineringskomité på alvor:

– Då held det ikkje berre å skuve ansvaret over til politiet aleine, slik Wara gjer.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter