Nyheter

FN: Norge må styrke kampen mot hatkrim

FNs rasediskriminerings­komité meiner mørketala er høge. Men Justisministeren vegrar seg mot å opprette fleire hatkrimgrupper i politiet.

Ein månad før Erna Solberg (H) kom ut på Slottsplassen med den utvida regjeringa, leverte FNs rasediskrimineringskomité (CERD) rapporten etter at Norge stilte til høyring i desember.

I to dagar måtte norske styresmakter svare for seg hjå CERD. Komiteen fører jamleg tilsyn med korleis FNs medlemslands etterlever konvensjonen som forbyr diskriminering på grunn av rase, hudfarge, avstamming eller nasjonal eller etnisk opphav.

Rasediskrimineringskomiteens rapport til Solberg-regjeringa har fleire kritiske kommentarar og etterlysingar:

• Fryktar det eksisterer store mørketal. For: I 2017 registrerte politiet 549 hatkrimsaker, noko som er ein auke på 17 prosent i øve til 2016 - men talet på borgarar med minoritetsbakgrunn som er redde for hatkrim er tre gonger høgare enn for etniske nordmenn, 12 mot 4 prosent.

• Kritiserer mangelen på informasjon om kva som blir gjort for å verne sårbare grupper mot hatkrim.

• Etterspør detaljert statistikk over saker, dommar og klager som omhandlar hatkrim.

• Bra at Oslo politidistrikt har eiga hatkrimgruppe, men meiner langt fleire distrikt bør ha tilsvarande spesialgrupper.

LES MEIR: Mer hatkriminalitet mot jødar i Frankrike og Tyskland

Ikkje øyremerking

I den politiske plattforma Høgre, Frp, Venstre og KrF meisla ut i januar, lovar Solberg-regjeringa å styrkje kampen mot hatkriminalitet. Høgre, Frp, Venstre og KrF seier at «Hatkriminalitet (...) er et stort og alvorlig problem, og regjeringen vil føre en aktiv politikk som bekjemper dette».

– Når får dei andre politidistrikta hatkrimgrupper, Wara?

– Me har gode røynsler frå Oslo politidistrikts innsats gjennom opprettinga av ei eiga gruppe for etterforsking av saker som gjeld hatkriminalitet. Det er ikkje sikkert dette fungerer like godt i andre politidistrikt.

Wara peikar på at det kan «vere ulike behov frå distrikt til distrikt»:

– Ei øyremerking av ressursar til politidistrikta vil gje politiet mindre handlingsrom til å prioritere ressursane dit behovet til ei kvar tid er størst. Eg meiner difor det skal vere opp til det einskilde politidistrikt å vurdere om dei skal opprette ei eiga hatkrimgruppe slik dei har gjort i Oslo.

Justisministeren understrekar at Oslos gruppe har uformelt hatt ei vegleiingsrolle andsynes dei andre distrikta.

LES MEIR: Hatkriminalitet mot muslimer øker mest

Nesten lagt ned

Oslo-politiet, og med det Norge, fekk den første hatkrimgruppa i 2014. Men allereie etter tre år lufta politimeisteren forslaget om nedlegging og spreie fagmiljøet på fleire politistasjonar. Men protestane mot omorganiseringa, som kom som følgje av politireforma til regjeringa, var så sterke at leiinga i Oslo-politiet bøygde av og let hatkrimgruppa halde fram som éi spesialavdeling.

Politidirektoratets (POD) hatkrimrapport for 2017 viser at av 549 melde saker, er heile 208 saker meldt til politiet i Oslo. Nest flest saker hadde Øst politidistrikt, som femner Akershus og Østfold. Ingen av dei ti neste distrikta har over 50 melde saker i 2017.

LES MEIR: Etterspør økt innsats mot hatkrim

Store mørketal

I februar la POD fram kriminalitetsstatistikken for fjoråret. Han viser at i 2018 blei det meldt 624 tilfelle av hatmotivert kriminalitet til politiet.

– Me tek hatkriminalitet på stort alvor, men me har eit stort forbetringspotensial, seier konstituert politidirektør Håkon Skulstad til Politiet.no.

Som eit svar på CERDs bekymring, skriv POD i 2018-rapporten at «Det er grunn til å tro at hatkriminalitet kan ha betydelige mørketall, det vil si at handlinger ikke blir kjent for eller anmeldt til politiet. Statistikk over antall anmeldelser gir derfor ikke nødvendigvis et representativt bilde av faktisk utbredelse».

LES MEIR: Varslar vegleiar for hatkrim

Auka merksemd

– Kva seier du til kritikken frå FNs rasediskriminerings­komité, Wara?

– Me tek hatkriminalitet på største alvor. Personar skal kunne bevege og ytre seg fritt uavhengig av etnisk tilhøyr, seier justisministeren.

Wara held fram at politiet registrerer fleire melde saker der hatmotivet er rase eller etnisitet. Wara forklarar det med at politiet har større merksemd på dette kriminalitetsfeltet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter