Nyheter

Pressar kyrkjeleiarar til å røyste ja til ny grunnlov

Kommunistregimet på Cuba legg press på kyrkjer for at dei skal godta grunnlovsforslag som ikkje sikrar religions- og trusfridomen.

15. februar 1976 røysta 99,02 prosent av dei røysteføre ja til Cubas nye grunnlov. Valframmøtet var på heile 98 prosent. Loven gav staten totalansvaret for religionspolitikken - og fram til 1992 var Cuba formelt ein ateiststat.

Sundag skal cubanarane på nytt gå til røystelokale for å sei ja eller nei til ein sterkt revidert grunnlov.

I år er det 60 år sidan Fidel og Raul Castro sto i front for ein opprørshær som evna å gjennomføre ein revolusjon i den vestlege hemisfæren. Brørne som var døypte som katolikkar og utdanna på jesuittdrivne privatskular, gjekk hardt til verks mot alt kyrkjeleg. Skular blei stengt, prestar forfølgde og det mektige statlege kontoret for religiøse saker fekk all makt.

LES MEIR: Sår song om revolusjonen

Flest katolikkar

Forslaget til ny grunnlov som cubanarane skal ta stilling til på sundag, har vore gjennom mange rundar før endeleg utkast blei klubba i nasjonalforsamlinga i desember.

Sjølv om Cuba var ein ateiststat fram til 1992, og staten heldt kyrkjesamfunna i eit hardt grep - medlemmer i den katolske kyrkja blei nekta medlemsskap i kommunistpartiet - fekk den katolske kyrkja halde på posisjonen som det dominerande kyrkjesamfunnet på øya. I dag er vel 60 prosent av 11 millionar innbyggjarar katolikkar.

Fire veker før folkerøystinga blei den første nye katolske kyrkja som er bygd på Cuba sidan revolusjonen i 1959, innvigd - med hjelp frå ein katolsk kyrkjelyd i Florida. Kommunistregimet har sagt ja til ytterlegare to nye katolske kyrkjer.

Velviljen i Havanna er eit ledd i oppvarminga av kontakten med Vatikanet, som starta med pave Johannes Paul IIs besøk i 1998. Etter han kom både pave Benedikt XVI og pave Frans til Cuba.

Ingen definisjon

Men sjølv om majoritetskyrkja opplever eit politisk tøvêr, stiller ho seg saman med protestantiske kyrkjesamfunn som klagar på at forslaget til ny grunnlov ikkje vernar religions- og trusfridomen sterkt nok.

Anna-Lee Stangl i Christian Solidarity Worldwide (CSW) forklarar kvifor:

– Ordlyden er problematisk fordi han berre refererer til rettar, ansvar og behandling - utan å definere dei.

Stangl peikar vidare på at kommunistpartiet, gjennom statens kontor for religiøse spørsmål, vil ha full kontroll over alle religiøse grupper og all religiøs aktivitet.

– Det er skuffande, om ikkje overraskande, at nasjonalforsamlinga har ignorert innspela frå katolske og protestantiske leiarar, og ikkje evnar å innføre sterkare vern av religionsfridomen eller tru- og samvitsfridom på Cuba, seier Stangl.

CSW er en internasjonal menneskerettsorganisasjon med religionsfridom som spesialfelt.

Pressar kyrkjeleiarar

Sjølv om ingen Cuba-analytikarar trur folket vil røyste ned grunnlovsforslaget, melder CSW at regimet i Havanna er redde for at nei-talet skal bli høgt; at protesten mot kommunistregimet skal bli for sterk. Difor er nasjonale kyrkjeleiarar blitt kalla inn til møter med styresmaktene i vekene fram mot folkerøystinga. Kravet som er blitt lagt på bordet er enkelt: Røyst ja.

CSW melder at toppar i kommunistpartiet samla førre veke nasjonale religiøse leiarar for å få dei til å garantere at trus- og kyrkjesamfunna deira kom til å stille seg bak grunnlovsforslaget.

– I mine augo var det eit møte for å prøve å presse oss, eg trur dei er veldig ottefulle, seier ein kyrkjeleiar til CSW. Med på møtet var både leiarar for metodistane, baptistane, pinsevener og katolikkane.

Liknande møte er blitt haldne på regionalt og lokalt nivå i Cuba.

Avviser likekjønna

Den katolske kyrkja og dei protestantiske står også saman i ein annan grunnlovsprotest.

Med Mariela Castro - dotter til eks-president Raul Castro – i front kjempa tilhengjarar av likekjønna ekteskap inn ein ny ordlyd i grunnlovsutkastet. Her blei ekteskapet definert som mellom «to menneske» i staden for mellom «mann og kvinne», med «absolutt like rettar og plikter».

Men forslaget provoserte, både den jamne kubanar og kyrkjene. I oktober leverte kyrkjesamfunn nesten 180.000 underskrifter på eit opprop som sa nei til likekjønna ekteskap. Oppropet var historisk, ikkje på 60 år hadde nokon våga å levere ein slik protest.

Presset førte fram. Kompromisset blei at grunnlovskommisjonen tok ut heile ekteskapspunktet. På den måten vil grunnloven vere open for framtidig legalisering utan å presse det fram.

LES MEIR: Flere kristne blir forfulgt

Ekteparprotest

Sundag samla vel 100 ektepar seg på strandpromenaden Malecón i Havanna. Alle stilte i kleda dei blei vigde i; kvite blafrande brudekjolar og mørke, staselege dressar. Ektepara kom alle frå evangelikale kyrkjer og paraden var ein protest mot oppmjuking av ekteskapsretten i Cuba.

– Me held fram ekteskapet i den opphavlege versjonen, forklarte metodistbiskop Richardo Pereira til The Guardian.

Han var svært glad for at alle evangelikale kyrkjer kunne samlast å stå mot ei grunnlovsliberalisering.

Rundt 1,1 millionar kubanarar skal vere medlemmer i evangeliale kyrkjesamfunn. Mange har dei siste vekene delt ut flygeblad og hengt opp plakatar som seier at ekteskapet berre er mellom mann og kvinne.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter