Nyheter

Tvillingabortar splittar folket

Nesten ein av tre nordmenn seier nei til tvillingabort. Det er stor sprik mellom Venstres liberale og KrFs konservative veljarar.

– Me er overraska over at ikkje fleire seier nei til tvillingabort, for Menneskeverd opplever at mange nordmenn finn dette problematisk, seier generalsekretær Morten Dahle Stærk i Menneskeverd, ein organisasjonen som «arbeider aktivt for å styrke vernet om menneskelivet fra befruktning til naturlig død».

Folkets røyst

Ei fersk måling Norstat har gjort for Vårt Land – utført sist veke med eit representativt utval på 1.000 personar – kartlegg nordmenns syn på tvillingabort, eller fosterreduksjon:

25 prosent seier at tvillingabort/fosterreduksjon alltid må vere tillate, sjølv om begge fostra er friske.

29 prosent seier ja til slik abort, men berre dersom det er påvist sjukdom hjå eitt av fostra.

27 prosent seier nei.

19 prosent svarar «veit ikkje».

– At så mange som 27 prosent seier nei til fosterreduksjon viser at Erna Solberg og KrF har lukkast med sin strategi med å dømme kvinner som tek abort, seier Ane Stø, leiar i Kvinnegruppa Ottar.

Ho skulle gjerne sett at talet var langt lågare. Blir det innstrammingar i abortloven når haustens regjeringsforhandlingar på borgarleg side er ferdig, fryktar Stø at me får «nemnder som set seg til doms over kvinner som søkjer fosterreduksjon».

LES MEIR: I 2014 lærte me oss eit nytt ord: Tvillingabort 

Solberg positiv

Tvillingabort blei sett på haustens politiske dagsorden to veker før KrF skulle gjere sitt vegval; gå mot venstre og Ap, eller søkje inn i Solberg-regjeringa. KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad gjekk ut midt i oktober og sa at partiet har endringar i abortloven som eit dei viktigaste krava i eventuelle regjeringsforhandlingar.

Innan KrF valde blått i byrjinga av november, kom Erna Solberg Ropstad i møte. Høgre-leiaren opna for å kunne gje KrF støtte til eit forbod mot tvillingabort, og endre 2C-paragrafen om alvorleg sjukdom.

– Dette er tema som er krevjande i Høgre, men me er klar over at dette er viktige saker for KrF, sa Solberg til VG.

LES MEIR: Derfor møtte Solberg et sjeldent abortraid 

Store spenningar

Så; straks forhandlingane om neste års statsbudsjett er sluttført, gyv KrF, Høgre, Frp og Venstre laus på arbeidet med å skipe ei borgarleg fleirtalsregjering. Her blir det harde rundar om abortloven, for både Frp-leiar Siv Jensen og Venstre-leiar Trine Skei Grande har sagt tydeleg i frå; ikkje rør.

Vårt Lands ferske måling avdekkjer sterke spenningar mellom veljarane til dei fire partia:

70 prosents av KrFs veljarar seier bestemt nei til fosterreduksjon.

50 prosent av Venstres veljarar seier ja til tvillingabort, utan atterhald.

40 prosent av Høgre-og Frp-veljarane seier berre ja på vilkår; det må vere påvist sjukdom hjå eitt av fostra.

Naomi Ichihara Røkkum, leiar i Venstrekvinnelaget, veit kvifor Venstres veljarar ikkje avviser fosterreduksjon:

– For det første, ei kvar endring av abortlova er ei utholing.

– For det andre, me snakkar om svært få abortar og eit inngrep med risiko for å miste attverande foster. Sidan det blei avklart at fosterreduksjon var lovleg, er det i snitt blitt utført 12 slike abortar årleg. Det viser at kvinner ikkje tek lett på dette.

LES MEIR: Gjev bistand som skal sikre kvinner abortrett

Demonstrasjonar

Eit anna stort sprik, er skilnaden mellom bygd og by.

I Oslo seier 43 prosent ja til fosterreduksjon utan vilkår. På Vestlandet og Sørlandet seier høvesvis 33 og 35 prosent nei til tvillingabort.

Laurdag har Kvinnefronten og Kvinnegruppa Ottar tillyst demonstasjonar over heile Norge for å samle støtte til kravet om ikkje å endre abortloven.

– Me vonar å samle over 10.000 i 28 byar, fortel Ane Stø i Kvinnegruppa Ottar, og legg til: – Me kan kanskje få sjå parolar som forsvarer fosterreduksjon.

Generalsekretær Stærk i Menneskeverd lovar på si side å kome sterkare på banen med informasjon om behovet for å endre abortlova.

– Vi ser av debatten i haust at det er naudsynt.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter