I januar opna Utanriksdepartementet (UD) ambassade i Bamako, Malis hovudstad, og sa at landa rundt, Niger, Mauritania, Tsjad og Burkina Faso, er saman med Mali definerte som særs viktige for Norge.
I går la regjeringa fram samla Strategi for innsats i Sahel-regionen for åra 2018-2020. Statssekretær Marianne Hagen (H) i UD forklarar kvifor:
– Sahel er ein region på toppen av dagsorden.
Statssekretær Hagen listar opp enorme utfordringar i regionen som går aust-vest sør for Sahara. Landa er lite utvikla. Niger, Burkina Faso og Tsjad ligg heilt i botnen av UNDPs levekårsindeks og skårar lågt når det gjeld helse, utdanning og levestandard. Vidare er dei herja av klimaendringar, og har ein enorm folketalsvekst.
LES MEIR: Norskmerka soldat på øving i Niger
Hovudmål
Sahel-strategien til regjeringa har tre hovudmål:
Medverke til å førebyggje og løyse konflikt.
Medverke til stabilitet, politisk og i tryggingssamanheng.
Byggje motstandskraft og leggje grunnlaget for ei inkluderande økonomisk, sosial og politisk utvikling, for å betre levekåra og minske behovet for humanitær bistand.
Sahel-landa har eit potensial for økonomisk vekst. Men: Ein faktor overskuggar det meste: Mangelen på tryggleik.
Regionen er blitt svært utrygg. Grunna svake statsstrukturar og porøse grenser, har valdelege islamistiske terrorgrupper lukkast med å etablere seg i Sahel-landa. Gruppene trugar stabiliteten i fleire land.
Religion
Då strategien blei presentert i UD hadde departementet invitert Kirkens Nødhjelp (KN) til å kommentere han. Hjelpeorganisasjonen har vore i regionen, og då særleg Mali, sidan 1970-talet.
Lisa Sivertsen, konstituert generalsekretær i KN, roste viljen til å spisse ein eigen Sahel-strategi, men leverte ei konkret etterlysning: kvar er dei religiøse leiarane? Ho fann ingenting om dette i strategidokumentet.
– Når strategien skal setjast ut i livet, må samarbeidet med religiøse aktørar stå sentralt, seier Sivertsen til Vårt Land.
I Sahel betyr religiøse leiarar muslimske leiarar.
Suksess
– Kvifor?
– Fordi desse har ei kjempeviktig rolle å spele i regionen, både dei progressive, dei moderate og dei konservative.
KN-sjefen meiner desse er umåteleg viktige om Norge skal lukkast med å rulle ut strategien i dei fem landa.
– Innafor tema som fred, forsoning og tryggleik er religiøse aktørar særs viktige, akkurat som med likestilling og politisk deltaking, helse og utdanning.
Sivertsen minnar om at KN har vore i Sahel sidan 1974, og at organisasjonen alltid har jobba med religiøse leiarar.
LES MEIR: Islamisme vil plage valgvinner
Løysingar
– Kva skjer om ein ikkje tek med religiøse leiarar når strategiar av denne typen skal rullast ut?
– Norge vil få problem med å få inngang, vi vil få problem med å få innpass i lokalsamfunn. Vi vil få problem med å finne dei gode løysingane, for på lokalplanet må alt gå gjennom dei religiøse leiarane, seier Sivertsen.
Ho dreg fram deira sterke posisjon i landsbyane ute i distrikta:
– I landsbyane er dei heilt avgjerande. Alt frå kvar ein skal bore ein brønn til kven som skal få lov til å gå på ungdomsskulen blir avgjort av desse leiarane, seier KN-sjefen og minner om eit viktig delmål i Sahel-strategien til regjeringa: jenters rett til utdanning.
– Skal vi få til dette, må vi ha med oss dei religiøse leiarane.
Lagspel
Statssekretær Marianne Hagen tek i mot KNs etterlysing med opne armar:
– Det er eit veldig godt innspel, som er eg veldig glad for. Ein kort og konsis strategi har ikkje med alt. Men det er viktig å samarbeide med og spele på lag med dei moderate religiøse kreftene i denne regionen.