Nyheter

Skulen sviktar mobbeoffer

Skulen gjer ikkje nok i fire av fem mobbesaker. – Uakseptabelt, seier kunnskapsministeren.

Lovendringa har fungert i eitt skuleår. Resultata viser at mange barn og unge opplever at skulen ikkje gjer nok for å stoppe mobbing.

1. august i fjor fekk foreldre og elevar høve til å klage til fylkesmannen dersom dei meiner skulen ikkje tek mobbinga på alvor.

I løpet av det første året med den nye klageordninga er 1.402 saker blitt meldt inn til landets 18 fylkesmenn, viser tal Vårt Land har fått frå Kunnskapsdepartementet: 1.146 saker er ferdig behandla, og av desse er 372 saker trekte eller avviste.

LES MEIR: Religiøs mobbing

Kontroll

I dei resterande 774 sakene, der fylkesmennene har vurdert om skulen har brote aktivitetsplikta eller ikkje, fann den statlege kontrollmynden at skulen ikkje hadde gjort nok i fire av fem tilfelle.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) seier skulen må jobbe langt betre med mobbesakene som kjem på rektors skrivebord:

– Skulen skal vere ein trygg og god stad å vere. Det er uakseptabelt at så mange elevar og foreldre opplever at skulen ikkje gjer nok for å stoppe mobbing.

Budsjettpåfyll

Pågangen til fylkesmennene var i haust og vinter så sterk at mange sleit med å ta unna køen. Difor måtte regjeringa og kunnskapsminister Sanner løyve 17 millionar kroner ekstra til handhevingsordninga for mobbesaker i revidert nasjonalbudsjett i vår.

I år brukar dermed fylkesmennene totalt 34 millionar kroner på å handtere klager frå elevar og foreldre.

LES MEIR: Mobbeofferet som slo tilbake

Kjennskap

I Elevundersøkelsen 2017 fortel 16 prosent av dei som blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare at skulen visste om mobbinga, men gjorde ikkje noko.

Det er flest elevar som blir mobba av elevar i gruppa eller klassen, og dernest av andre elevar på skulen. Mobbinga blir mindre med alderen, men aukar i 9. og 10. klasse.

Mobbeombod

I fjor vår vedtok Stortinget at alle fylke skal ha sitt eige mobbeombod. Ordninga blir rulla ut i haust gjennom eit spleiselag med fylkeskommunane.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter