Nyheter

Overlege åtvarar mot å utvide abortgrensa

– Abortlova fungerer veldig bra i dag, seier overlege Torbjørn Moe Eggebø. Han meiner det ikkje er behov for sjølvbestemt abort til veke 18, slik AUF vil.

– Dersom grensa blir endra til veke 18, vil kvinner kunne utsetje abort heilt fram til veke 17. Det er ein mykje større fysisk og psykisk belastning for kvinna i veke 17 enn i veke 11, seier Torbjørn Moe Eggebø, som er overslege på Nasjonal behandlingstjeneste for avansert invasiv fostermedisin, på St. Olavs hospital.

Torsdag sa AUF-leiar Mani Hussaini til Vårt Land at ungdomspartiet vil vedta på sitt landsmøte i haust, å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker.

LES MEIR: Abortsøkjande kvinner kjenner seg tvungne til å møte i abortnemnd

Abortnemnd

Dei som ønskjer å gjennomføre abort etter veke 12 i svangerskapet, må ha ein samtale med to legar, som utgjer ei abortnemnd. Denne nemnda skal på bakgrunn av slike samtaler avgjere om ein abort skal gjennomførast eller ikkje.

I 2017 vart det handsama 628 førespurnadar av desse abortnemndene i heile landet. 82 av desse førespurnadane vart avslåtte av nemndene.

For dei som ønskjer abort etter veke 12, er grunngjevinga dei bruker oftast avvik ved fosteret, at dei oppdaga svangerskapet seint, eller at dei ønskjer abort fordi dei er i ein sosialt vanskeleg situasjon, ifølgje Eggebø. Dei langt fleste får altså førespurnadane innvilga.

LES MEIR: England tilbyr nordiske kvinner gratis abort

Medisinske grunnar

Overlege Eggebø meiner det er tungtvegande medisinske grunnar til at sjølvbestemt abort etter veke 12 er ein dårleg idé. Mellom anna er ein abort nær veke 18 meir krevjande enn i veke 11.

Han fryktar òg at fleire vil vejle abort basert på at dei har meir informasjon enn i veke 11.

– Frå veke 15 er det mogleg å sjå fosteret sitt kjønn. Vi vil unngå at det skal vere mogleg å velje å avbryte eit svangerskap på grunn av kjønn, seier han.

LES MEIR: Avviser AUFs abortforslag 

Aukar ikkje

Talet på utførte abortar i Norge var 12.733 i 2017. Dette er ein nedgang på tre 3 prosent sidan 2016.

Eggebø trur likevel ikkje at talet på abortar vil auke dersom abortlova skulle bli endra til sjølvbestemt til veke 18.

– Det ville mest truleg ikkje få stor auke i talet på abortar. Det er få som oppdager svangerskap seint, og det er få førespurnader til abortnemnda etter 12. veke, seier han.

Domstol

Hussaini i AUF seier til Vårt land at ein viktig grunn for å utvide grensa er at abortnemdene ikkje skal fungere som ein domstol som skal bestemme over kvinner sin kropp i desse tilfella.

Eggebø er ikkje einig i korleis abortnemnda blir framstilt.

– Dei er ikkje dommarar, nemnda fungerer mest som ein rådgjevande samtale mellom legar og dei om ønskjer å ta abort, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter