Nyheter

Flyktning vart far for flyktningbarn

Hiva Mirzai er fosterfar for tre einslege mindreårige flyktningar, og erstattar difor kommunale bufellesskap. – Fleire kommunar bør legge om til denne modellen, seier SOS-barnebyer.

Bilde 1 av 3

– Eg er heilt overtydd om at dette er den beste løysinga for ungdommane, det er det viktigaste. I staden for å knyte seg til mange ulike personar, kan dei knyte seg til meg. Det er veldig bra for dei, seier Hiva Mirzai, som er fosterfar for tre einslege mindreårige flyktningar som er busette i Asker.

Når einslege mindreårige asylsøkarar får opphaldsløyve i Norge, blir dei busette i ein kommune der dei blir tatt hand om av barnevernet. Det vanlegaste er at fleire barn bur saman i bufellesskap der kommunalt tilsette jobbar skift døgnet rundt.

Barna sitt hus

Ein familieheim er derimot ein ny måte å busette einslege mindreårige flyktningar på. Barna bur i ein kommunal bustad, og dei får fosterforeldre som bur saman med dei der. Dersom fosterforeldra sluttar, må foreldra flytte ut av huset – for det er barna sitt hus.

Poenget er at barna skal kunne bu der lenge, og bli kjend med skulen, lokalmiljøet og kvarandre, og ikkje vere nøydde til å flytte dersom noko slikt skulle skje.

– Eg høyrde om prosjektet frå ein ven som jobbar på eit bufellesskap. Eg har alltid hatt lyst til å jobbe med menneske, og eg tenkte at dette passa bra for meg, seier Mirzai.

LES OGSÅ: Sparer mange asyl-millioner, gir kun litt til flyktninger

Har erfaring

Hiva Mirzai er iransk kurdar og kom til Norge i 1996 som einsleg, vaksen asylsøkar. Han har sjølv budd på asylmottak og gått gjennom prosessen med å vere ny i Norge og å prøve å finne ut korleis samfunnet fungerer.

– Eg har erfaring med å kome til eit nytt land. Ein startar på under null, og ein er veldig forvirra. No kjenner eg både deira kultur og norsk kultur, så eg kan vise dei mykje som dei treng å vite, seier han.

Han har tre afghanske gutar på 19, 16 og 15 år som fosterbarn, og dei har budd saman i huset i eitt og eit halvt år.

Stabilt

Det er SOS-barnebyer som har hatt ideen til denne modellen, og fekk med seg Asker kommune til å prøve det ut. I dag, to år seinare, er det åtte familieheimar med til saman 21 barn i kommunen.

– Vi ser at dette er meir stabilt for barna enn i eit bufellesskap. Det er få nære omsorgspersonar samanlikna med bufellesskap, der det er mange vaksne i turnus. For mange barn vil det være betre å vekse opp i ein familieheim, seier Sissel Aarak, leiar for program i SOS-barnebyer.

Ho presenterte prosjektet for barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland, som besøkte Mirzai og gutane sist veke. Ministeren seier ho fekk eit godt inntrykk av prosjektet.

– Dette er ein interessant modell, der barna får lov til å fungere som ein familie, framfor å gi dei ei kjensle av å vere på oppbevaring. Dei trivst godt og fortel meg at livet deira er likt andre barn sine liv. Dei går på skule, gjer lekser, lagar middag og speler fotball. Det er kvardagsintegrering på sitt aller beste, seier Helleland.

LES OGSÅ: Mener flyktninger møtes med 'religiøs analfabetisme'

Pengar spart

SOS-barnebyer jobbar med å få fleire kommunar med på prosjektet, og nokre kommunar ventar på at det skal kome nye barn som kan få ein familieheim. Aarak meiner dei ikkje treng å vente.

– Bufellesskap er veldig kostbart, og når det viser seg at det heller ikkje er det beste for barnet, så ser vi dette som den klart beste løysinga. Så vi oppfordrar kommunane til å endre frå bufellesskap til familieheimar, seier ho.

Om regjeringa vil innfri oppfordringa frå Aarak, er ikkje godt å seie - enno.

– Vi har ikkje tatt stilling til om vi ønskjer at dette skal vere norma, for det er opp til dei enkelte kommunane korleis dei organiserer dette, seier barneministeren, og viser til at dei ventar på ei kartlegging av butiltak for flyktningbarn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter