Blir forbode utan merking
Unaturleg slanke kroppar og retusjerte bilete er skadeleg for ungdom sin psykiske helse, meiner opposisjonen. I Stortinget er det fleirtal for ei lovendring som påbyr merking.
Reklame kan vere skadeleg for ungdom, dersom dei viser fram usunne kroppsideal, meiner SV. Retusjering, som i dette bilete, kan bli påbode å opplyse om i reklame. Men det er hovudsakleg retusjering som endrar kroppsfasong, SV vil ha slutt på.
Proglobalbusinesssolutions/Wikimedia commons
Onsdag diskuterer Stortinget eit forslag om at reklame med retusjerte bilete skal merkast, slik at det går tydeleg fram kva som er ekte og falskt i reklame.
Det er SV som har stilt forslaget, og dei får med seg alle opposisjonspartia til å danne fleirtal for lovendringa.
Bombardert