Nyheter

Saman om å få fleire arvegåver

Frivillige organisasjonar har lenge vegra seg for å be om arv, i frykt for å vere grådige. Ti kristne organisasjonar utfordrar no kulturelle stengsel, og rullar ut kampanje som ber folk hugse dei i testamentet.

Årleg blir det overført verdiar for 75 milliardar kroner til neste generasjon nordmenn. Det viser utrekningar i ein rapport Høyskolen Kristiania har laga på oppdrag for Norges Innsamlingsråd.

Men nesten ein halv milliard – eller 463 millionar kroner – blir gjeve som testamentariske gåver til frivillige organisasjonar.

Slike gåver har eit uendeleg potensiale, meiner Runar Døving, professor ved Høyskolen Kristiania, og ansvarleg for rapporten. Han er medlem av arbeidsutvalet arv og testamenter i Innsamlingsrådet, og forskar på arv.

– Etter at arveavgifta for­svann, kan vi alle ta sølvskeia i eiga hand og dele ut meir av vår formue til hjartesaker vi ønskjer å støtte via testamente, seier han.

Gåver

Fordi potensialet er så stort, rullar no 36 frivillige organisasjonar ut kampanjen Det gode testament i von om å få fleire nordmenn til å skrive testamente der hjartesaker får gåver.

Ti av dei 36 kjem frå kristeleg sektor: Bibelselskapet, Misjonsselskapet, Blå Kors, Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon, Kristen Idrettskontakt, Kirkens Nødhjelp, Sjømannskirken, Søndagsskolen og Wycliffe, som driv med bibelomsetjing.

– I spørsmålet om arv og testamentariske gåver er det viktig å stå saman når vi no prøver å nå ut til fleire med oppmodingar om å få fleire til å skrive testamente, forklarar assisterande generalsekretær Ole Alexander Opdalshei i Kreftforeningen, ein av dei 26 andre.

Grådige

Døving forklarar den varsame framferda til frivillige organisasjonar som ønskjer testamentariske gåver med to forhold:

«Arv blir framstilt som noe livsarvinger har krav på.»

«Veldedige organisasjoner blir framstilt som grådige hvis det er tvist om arv og en testamentarisk gave, eller hvis de henvender seg til sine faste givere.»

– Medieoppslag om arvekranglar framstiller organisasjonar som «likplyndrar». Og slikt skræmer organisasjonar frå å vere meir pågåande, utdjupar Døving.

Kontakt

I arverapporten har meiningsmålingsbyrået Norstat kartlagt nordmenns syn på arv og testamente:

93 prosent veit dei kan skrive testamente.

Berre 10 prosent har gjort det.

Knappe 0,4 prosent har gjeve ei testamentarisk gåve.

Kartlegginga fortel også at berre 7 prosent ønskjer å bli kontakta direkte av organisasjonar som ber om testamentariske gåver.

Skummelt

På spørsmål om kvifor Søndagsskolen er med på kampanjen, svarar innsamlingsleiar Celine Refsnes i ein e-post til Vårt Land:

«Arv og testament er et sensitivt tema for mange, det er derfor vanskelig å spørre giverne direkte om de har vurdert å tilgodese søndagsskolesaken i sitt testament. Gjennom å være med på denne kampanjen, kan vi bidra til at flere får kunnskap om hvor enkelt det er å tilgodese en sak, også etter at man har gått bort. Søndagsskolen Norge ønsker å bidra til at det blir mindre skummelt å snakke om arv og testament. Det er enklere og mindre påtrengende å snakke om arv via denne felles informasjonskampanjen.»

I 2015 fekk ikkje Søndagsskolen arv. I fjor fekk dei 720.000 kroner.

Sølvskei

I Kristen-Norge får ingen større testamentariske gåver enn Frelsesarmeen. I fjor stoppa summen på 104,5 millionar kroner, og kjem frå både reine pengegåver og sal av eigedom som dei arvar.

2016-rekneskapen viser kor viktig arv er for Frelsesarmeen. Dei fekk inn totalt 107 millionar kroner i arv – eller 59 prosent av dei innsamla kronene.

– Kvifor skal fleire nordmenn testamentere meir arv til frivillige organisasjonar, Runar Døving?

– Sjølv om vi ikkje opplever oss som rike i norsk målestokk, er vi enormt rike i verdsmålestokk.

– Lever du som du lærer?

– Ja, eg har skrive testamente. Der får Amnesty og Redd Barna 100.000 kroner kvar.

Døving forklarar avgjerda med at familien eig ein bustad i Oslo som er verdt mykje. Livsarvingane får også sitt.

Hjartesak

I Organisasjons-Norge har ein lenge vore varsame med å marknadsføre ønskja om fleire og større testamentariske gåver, ein nøyer seg med mindre annonser i medlemsblad og dempa informasjon på nettsider.

Dei 36 frivillige organisasjonane går meir offensivt til verks. Opplysningskampanjen Det gode testament blir rulla ut på heimesidene til organisasjonane.

Slik blir kampanjen presentert av Innsamlingsrådet, som er samarbeidspartnar:

«Arv og testament er ikke så tabubelagt som vi tidligere har trodd. Nøkkelen er å finne den riktige måten å snakke om det på. Etter å ha jobbet med denne kampanjen siden 2016 er arbeidsutvalget for arv og testament, kampanjeorganisasjonene og Norges Innsamlingsråd stolte over å kunne lansere denne informasjonskampanjen om hvordan man kan gi til sin hjertesak.»

Forskar

– Saman viser organisasjonane fram ordninga med testamentariske gåver, så får det bli opp til den einskilde testamentskrivar å avgjere om det er ein av kampanjeorganisasjonane som skal få, eller om det blir ei heilt anna hjartesak, forklarar Runar Døving.

Studieåret 2015-2016 brukte han eit arbeidsstipend i USA, til feltarbeid for å forske på «charity og donasjonar».

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter