Nyheter

Ber om verdige løysingar

Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) meiner ureturnerbare ikkje kan bli buande på mottak i årevis – og etterspør løysingar som avsluttar opphalda.

– Dei som kjem no og får endeleg avslag må få langt betre informasjon om dei frivillige returordningane, dei må få god hjelp til å få vende heim på ein verdig måte, seier generalsekretær Ann-Magrit Austenå i NOAS.

Ho refsar særleg regjeringa for å ha brukt alt for store ressursar på tvangsreturar – og dermed for lite på dei som kan reise heim av fri vilje.

Når det kjem til dei ureturnerbare som har sete lenge på mottak, etterspør NOAS og Austenå ei langt meir fleksibel haldning frå ansvarlege politikarar. Det må vere mogleg å finne løysingar som kan avslutte slike opphald, seier ho.

– Å sitje på mottak i årevis er øydeleggjande, liv blir brotne ned, seier Austenå.

LES OGSÅ: Mottaksdrivar: Ureturnerbare går til grunne

NOAS-sjefen trur ikkje på nokon «pulleffekt» om regjering og storting finn løysingar som sikrar lengebuande ureturnerbare opphald her i landet:

– Ingen kjem til Norge berre for å bu på mottak i 15 år.

Styreleiar Arve Danielsen i Stiftelsen Sana er tydeleg på kva løysing han ønskjer for denne gruppa:

– La dei få amnesti, la dei få bli i Norge, la dei få kome i jobb og bli integrerte.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter