Strammar fransk flyktningpolitikk

Færre skal bli freista til Frankrike, fleire skal bli deporterte. Flyktningar som bur på gata i Paris fortel om seksuelle overgrep, rasisme og sjølvmord.

Mona Bentzen er ein av ­frontpersonane i nettverket Refugees Welcome Afghan Lives ­Matter. Ho reiser jamleg til Paris for å hjelpe ­såkalla ­«oktoberbarn». Dette er unge afghanarar som er nekta opphald i Norge, og som difor har flykta ­vidare til Frankrike. Her står Bentzen i ein teltleir ved Saint-Martin-kanalen, nordaust i Paris.
Publisert Sist oppdatert

– Flyktningar som vil søkje asyl i Frankrike strevar hardt med å kome gjennom i den franske utlendingsforvaltninga, fortel Mona Bentzen, ein av front­personane i nettverket ­Refugees Welcome Afghan Lives Matter. Ho reiser jamleg til Paris for å hjelpe såkalla «oktoberbarn». Dette er unge afghanarar som er nekta opphald i Norge, og som difor har flykta vidare til Frankrike.

Refugee Rights Europe, ein britisk menneskerettsorganisasjon, har talt opp flyktningane som bur ute i Paris; nesten 3.000.

Von. – Vener som kom hit i fjor fortalte oss at det var ­mogleg å få asyl i Frankrike, sjølv om ein hadde fått avslag i Norge, ­fortel ein ung afghanar Vårt Land ­møter i teltleiren ved Saint-­Martin-kanalen, nordaust i ­Paris. Ungdommen som vil vere ­anonym flykta frå ­Norge til Frankrike då Utlendings­nemnda (UNE) gav endeleg avslag, og varsla heimsending til Afghanistan.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP