Nyheter

Norskmerka soldat på militærøving i Niger

Norge deltek på øvingar for spesialstyrkar i Sahel, opplyser USAs Afrika-kommando. Minst ein norskmerka soldat var med på anti-terrorøvinga Flintlock i 2014. Forsvarsdepartementet ønskjer ikkje å kommentere TV-reportasje.

Fyr! I rekkja av spesialsoldatar frå militærstyrken Canadian Special Operations Regiment, står ein soldat med eit norsk flagg på høgre overarm.

Vi er i det vestafrikanske landet Niger. Året er 2014.

Dette har ikkje regjeringa eller Forsvaret sagt mykje om.

Sender soldatar

Frå vest til aust gjennom Afrika, sør for Sahara, går Sahel-regionen. Her ligg landa Mauritania, Burkina Faso, Mali, Niger og Tsjad. Regionen er blitt eit oppmarsjområde for særleg militante, muslimske ekstremistar. For snart fem år sidan intervenerte Frankrike militært i den gamle kolonien Mali, i eit forsøk på å utrydde ekstremistar som på den tida var knytt til al-Qaida.

Frankrike har framleis eit stort militært nærvær i regionen. 4.000 franske soldatar er utplasserte i Niger, Mali og Tsjad for å nedkjempe ytterleggåande islamistar i Sahel-regionen. Italia er eit anna EU-land som sender militært mannskap til Sahel. 470 italienske soldatar skal til Niger for å hjelpe nasjonale tryggingsavdelingar med ei rekkje oppgåver.

USA har også etablert seg i Sahel. Luftforsvaret byggjer ein stor dronebase utanfor ørkenbyen Agadez. Herfrå kan dei sende ut væpna dronar som dekkjer alle Nigers naboland. USA har også spesialsoldatar i Niger.

LES MER: Militærhjelp utgiftsføres som bistand 

Norge med

Droneoperasjonen i Niger er underlagt USAs Afrika-kommando – United States Africa Command – som har ansvaret for den årlege øvinga som ber namnet Flintlock – som tyder flintlås.

I presentasjonen av årets øving, som vil finne stad i Niger, Burkina Faso og Senegal i perioden 9.-20. april, skriv Afrika-kommandoen på eiga heimeside at blant dei «20 afrikanske og vestlege partnarnasjonane som vil delta i Flintlock 2018» finn ein «Norge». Flintlock blir omtala som ei øving som styrkar både afrikanske militære styrkar og «vestlege spesial-operasjonsstyrkar».

Byggje kapasitet

Vårt Land fortalde i februar at Solberg-­regjeringa har godkjent ein spesiell avtale med det vestafrikanske landet Niger:

«Inngåelse av avtale mellom Norge og Niger om status for de norske militære som oppholder seg i Niger i forbindelse med militær kapasitetsbygging i Sahel», meldte Statsministerens kontor. Utover dette kom Forsvarsdepartementet med få opplysningar.

Forsvarsminister Frank Bakke-­Jensen (H) fortalde så Stortinget i februar, i brevs form, at «Forsvaret i perioder vil kunne bidra til en begrenset kapasitetsbyggingsinnsats til land i Sahel-regionen». Vidare opplyste forsvarsministeren at «I denne forbindelse vurderer regjeringen om Forsvaret inneværende år skal delta i kapasitetsbyggingsaktiviteter i Niger».

Om oppdraga som ventar norsk militært mannskap i Niger, sa Bakke-Jensen følgjande:

«En eventuell kapasitetsbyggingsinnsats i Niger vil konkret gå ut på å trene, rådgi og mentorere nigerske sikkerhetsstyrker med den hensikt å styrke deres evne til å ivareta sikkerheten i eget land. Videre vil slik kapasitetsbyggingsinnsats også kunne bidra til å ivareta Forsvarets evne til å kunne håndtere krisesituasjoner som involverer norske borgere i konfliktutsatte områder som Sahel.»

Var i Sahel

Ut frå det USAs Afrika-kommando melder på eiga heimeside har militært mannskap frå Norge allereie vore i Sahel-regionen ved fleire høve.

Om Flintlock 2017 skriv United States Africa Command at denne var for «spesialoperasjonsstyrkar», og at han samla rundt 2.000 deltakarar frå 20 afrikanske, europeiske og nordamerikanske partnarnasjonar. «Deltakande nasjonar (...) inkluderer (...) Norge (...)». Øvinga blei gjennomført i det vestafrikanske landet Tsjad.

Afrika-kommandoen opplyser at Norge også var mellom deltakarane under Flintlock 15, som fann stad i Tsjad med utplasseringar i Niger, Nigeria, Kamerun og Tunisia.

LES MEIR Seier Stortinget er informert

Vurderer deltaking

Forsvarsdepartementet (FD) ønskte skriftlege spørsmål frå Vårt Land om Norges deltaking i Flintlock 2018 - og tidlegare øvingar:

Kva type militært mannskap skal Norge delta med? Kven inviterer Norge til å delta på dei årlege Flintlock-øvingane? Kvifor deltek Norge på desse øvingane? Kva type militært mannskap har Norge delteke med på desse øvingane?

I ein epost til Vårt Land skriv underdirektør Ann Kristin Salbuvik i FDs kommunikasjonseining at dei har følgjande svar på spørsmåla:

«Norske myndigheter vurderer for tiden eventuell norsk militær innsats i Sahel, inkludert deltakelse i Flintlock.»

Samtrening

Tilbake til soldaten på fotoet, han med norsk flagg på armen.

Det er henta frå ein reportasje på den kanadiske TV-kanalen CTV, som ligg ute på Youtube. CTV følgjer ei spesialavdeling i det kanadiske forsvaret som er i Niger for å lære opp styrkar frå Sahel-land i korleis dei utfører spesielle operasjonar, som til dømes kontra-terror.

Det var Forsvarets forum som først omtalte CTV-reportasjen.

TV-kanalen følgjer Canadian Special Operations Regiment (CSOR) som deltek i Flintlock 2014. I ein sekvens ser vi ein soldat med norsk flagg skyte på blinkar saman med kanadiske spesialsoldatar, i ein annan ser vi ein soldat med norsk flagg som trenar nigerske soldatar i skyting.

Forsvarsdepartementet ønskjer ikkje å svare på Vårt Lands spørsmål om soldaten med norsk flagg på overarmen, og hans deltaking på øvinga i ­Niger.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter