Nyheter

Dødsstøyt for «dødsgebyret»

Arbeidarpartiet sikrar fleirtal for å skrote skifteattestgebyret.

Senterpartiet har samla fleirtal for kravet om å gje «dødsgebyret» dødsstøyten. SV og KrF er mot – og no seier Arbeidarpartiet også nei.

– Arbeidarpartiet går inn for å skrote det såkalla «dødsgebyret» som regjeringa vil innføre. Saman med Sp, KrF og SV er det då fleirtal i Stortinget mot forslaget frå regjeringa, opplyser Lene Vågslid (Ap) til Vårt Land. Ho leiar Stortingets justiskomité.

Sist veke varsla KrF at dei vender regjeringa ryggen og går saman med Sp og SV.

– Gebyret er usosialt, så KrF seier nei til innføre det, sa KrFs justispolitiske talskvinne, Jorunn Gleditsch Lossius.

– Men KrF stemte for 2018-budsjettet til regjeringa, der gebyret blei presentert?

– Ja, men det var ein glipp at vi ikkje reagerte i fjor haust.

Arveavgift

Lossius forklarar at det er rett og rimeleg at når dei som har mest slepp arveavgift, bør dei som har langt mindre få sleppe å betale eit skifteattestgebyr. Solberg I-regjeringa fjerna arveavgifta. Solberg II vil innføre det som har fått 
namnet «dødsgebyret».

Vårt Land fortalde for snart tre veker sidan at regjeringa vil dra inn 40 millionar årleg ved å ta 1.130 kroner for ein skifteattest, som i dag er gratis. Skifteattesten er det sentrale dokumentet ved privat skifte av dødsbu. Før arvingar kan disponere over eit dødsbu, må dei ha ein attest som legitimerer dei som arving i buet. Desse attestane blir utsteda av tingretten.

Oppsikt

Gebyret til regjeringa og justisminister Sylvi Listhaug (Frp) har vekt oppsikt:

– Å innføre eit gebyr på slike attester er urimeleg. Dette er det same som å skattlegge døden, sa generalsekretær Knut Chr. Høvik i Senior Norge til Vårt Land 6. februar.

Dagen etter sende stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) eit skriftleg spørsmål til justisministeren: «Kva er det som gjer det naudsynt for regjeringa å innføra 1130 kroner i gebyr på folk sin død?». Listhaug svarte at «regjeringen følger opp Stortingets budsjettvedtak».

Utfall

Så small det i Stortingets spørjetime sist onsdag. «Arroganse». «Toppen på frekkhet». Kraftige utfall kom tett i Senterpartiets stortingsraid mot Listhaugs gebyr, som hadde blitt omdøypt til «dødsgebyret».

Straks møtet var over forfatta Sp eit såkalla representantforslag. Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum og Pollestad, som er leiar av Stortingets næringskomité, ber Stortinget skrote gebyret, som no er ute på høyring: «Stortinget ber regjeringen om å ikke innføre gebyr på utstedelse av skifte- og uskifte­attester og på utstedelse av fullmakt til å disponere over bo av mindre verdi», lyder forslaget.

No har stortingsfleirtalet samla seg. Når saka kjem opp blir gebyret stemt ned - om ikkje justisminister Sylvi Listhaug trekkjer forslaget, som er ute på høyring fram til 15. mars.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter