Nyheter

Fiendar i grenseland

I 65 år har soldatar stira på kvarandre. Våpenkvilegrensa mellom Nord-Korea og Sør-Korea er ei av verdas mest militariserte.

Bilde 1 av 3

– Våg deg ikkje over grensa. Ikkje tenk tanken eingong. Dei har ordre om å skyte.

Guiden var myndig. Han etterlet ingen tvil. Du tullar ikkje med ideen om å setje ein fot inn i Nord-Korea, sjølv om det mytiske landet er freistande få meter unna.

Eg stod der for nokre år sidan, i landsbyen Panmunjom. Tre brakker måla i FNs nøytrale blåfarge. Plasserte midt på grensa mellom Nord og Sør. Difor går det også ei grense over møtebordet i den midtarste brakka. Ingen skal setje seg på feil side.

– Her har partane møter. Hit kjem nordkoreanarane, fortalde guiden og peika mot nord. Mot eit ruvande murbygg med altanar. Der det stod strunke nordkoreanske soldatar med kikkert og fotoapparat, og såg ned på oss. Vi vinka ikkje.

Partane er Nord-Korea, Sør-Korea, USA og FN.

LES OGSÅ: Sør-Korea – fra fattigdom til full OL-sjarm

Hærteke land

27. juli er det 65 år sidan våpenkvileavtalen blei signert, og gjorde slutt på den tre år lange Koreakrigen.

Halvøya Korea hadde vore slagmark lenge i 1953. Kina og Japan knivast om å invadere og hærta Korea opp gjennom hundreåra. Då Japan kapitulerte i 1945, enda den siste japanske okkupasjonen. Inn kom Sovjetunionen frå nord, og USA frå sør. Landet blei i praksis delt i to. Sommaren 1950 small det. Nordkoreanske styrkar gjekk inn i Sør-Korea, som evna å
svare med massiv hjelp frå ein USA-leia FN-styrke. Nord-
Korea på si side fekk både Sovjetunionen og Kina med på laget.

27. juli 1953 blei våpna lagt ned. Krigen var over. Men det aldri ein fredsavtale på bordet, så teknisk sett rasar konflikten framleis. Ein deklarasjon om fred blei først signert i 2007, og målet er å byte ut våpenkvila med ein fredsavtale.

Grense

Våpenkvileavtalen gav oss ei av verdas mest militariserte grenser. Langs 38. breidde­grad går ei 240 kilometer lang og fire kilometer brei sone med det sterkt misvisande namnet demilitarisert sone (DMZ). Berre USA har 28.500 soldatar i Sør-Korea, og landet som arrangerer OL har kvart år 130.000 menn i uniform.

I Panmunjom får eit mindretal sjå fienden i augo.

Feide med flagg

Den demilitariserte sona er eit surrealistisk landsskap. På kvar side ligg ein såkalla fredslandsby, Daeseong-dong i Sør-Korea, Kijông-dong i Nord-Korea.

– I Kijông-dong bur der ikkje menneske. Han er ein spøkelsesby, men han har flaggstonga, fortalde guiden. Og peika over sona, mot den enorme pålen som ruva i landskapet.

På 1980-talet reiste styresmaktene i Sør-Korea ei 98,4 meter høg flaggstong i Daeseong-dong og heiste eit enormt flagg. Dei ville minne folket i nord om det frie landet i sør.

Nordkoreanarane svarte straks. Opp kom ei 160 meter høg flaggstogg, men eit tilpassa stort flagg, så det første du ser når du svingar inn i DMZ ved Panmunjom, er det høgthengjande nordkoreanske flagget.

LES OGSÅ: Nord-Korea fremdeles verst

Krig med lyd

Lydkrigen er av det meir subtile slaget. Sør har sett opp gigantiske høgtalaranlegg inne i sona, alle retta mot nord. Slik kan dei drive psykologisk krigføring mot regimet i Nord, som har eigne anlegg, men langt veikare.

Styresmaktene i Sør har skrudd høgtalarane av og på dei seinare åra. Av for å etterkome ønskje frå Nord om at bodskapane er plagsame. På for å svare på dei mange prøvesprengingane Kim Jong-un har fått utført.

Den dagen eg var der, var dei av.

Bannlyst pop

Men når dei kjem på, sender Sør forteljingar om soldatar som lukkast med å desertere og røme frå Nord til Sør – og at dei no blir behandla på sjukehus i Sør for kraftig underernæring. Popmusikk som er bannlyst i Nord, lyder også ofte langs grensa. Såkalla K-pop blir pumpa nordover på styrke ti.

Ingen skal vere i tvil; livet i sør er langt meir leveleg.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter