Nyheter

Italia skal stoppe flyktningar i Vest-Afrika

Først stoppa italiensk marine flyktningar og migrantar frå å reise over havet til Italia. No sender Italia soldatar til Niger. Menneske skal ikkje få sleppe gjennom Sahara til Libya.

Ute av syne. Ute av sinn. Det kjem nesten ikkje flyktningar til Norge. Og lite tyder på at tilhøva vil bli endra kort sikt, melder Utlendingsdirektoratet (UDI).

I fjor søkte berre 2.294 personar om vern i Norge. I tillegg tok vi i mot 1.252 asylsøkjarar som blei henta frå Italia og Hellas gjennom EUs ordning med relokalisering.

UDI opplyser at vi må 22 år tilbake i tid for å finne like låge tal.

LES MEIR: Norge sponsar EUs flyktningstopprogram

Stengt, stengt

Hovudforklaringa ligg to stader:

• EUs avtale med Tyrkia frå 2016 held flyktningar og migrantar unna Europas søraustre hjørne; dei kjem seg ikkje over Egeerhavet frå Tyrkia til Hellas.

• EUs innsats, og då særleg Italias marine, hindrar flyktningar og migrantar frå å leggje ut på havet frå libyske hamner, for å nå Italia per båt.

Får støtte

For eit år sidan inngjekk Italia og Libya – les: den internasjonalt godkjente regjeringa, Libya har to til – ein avtale, med støtte frå EU. Italia yter trening og utstyr til den libyske kystvakta som fysisk stoppar dei som prøver å nå Italia.

Om lag 20.000 menneske blei stoppa i fjor, opplyser Amnesty i ein fersk rapport. Dei reisande blir returnererte til Libya og plasserte i interneringsleirar, der lidingane er umenneskelege, fortel hjelpeorganisasjonen Oxfam.

Både Amnesty og Oxfam oppmodar no EU til heve Libya-avtalen for å stoppe mishandling og tortur av returnerte.

Færre kjem

Italienske styresmakter på si side er særs nøgde med avtalen. Talet på sjøreisande flyktningar og migrantar som kom til Italia i fjor fall med nesten ein tredel til 119.000.

No tek Italia eit stort steg vidare mot sør. Dei sender soldatar over Middelhavet, til Niger i Vest-Afrika for å stengje reiserutene gjennom Sahara til Libya.

LES MEIR: Åtte trender om folk på flukt

Frå Irak

Flyktningar og migrantar skal stoppast før dei legg ut på den nest siste etappen mot Europa. Nasjonalforsamlinga i Roma har vedteke at landet skal sende 470 soldatar, 130 kjøretøy og 2 helikopter til Niger. Mannskapa blir henta frå operasjonane i Irak og Afghanistan.

– Denne operasjonen vil ha liten effekt. Du kan samanlikne han med arbeidet til uropatrulja til Oslo-politiet. Der patrulja blir sett inn kan det bli fredeleg, men dei same problema dukkar berre opp andre stader, og så er ein like langt, seier forskar Morten Bøås i NUPI, han arbeider særleg med tema knytt til fred og konflikt i Afrika.

– Kvifor sender Italia soldatar til Niger?

– Libya blir fylt opp med folk som vil Italia, og sjølv om IOM organiserer frivillig retur, vil det ta 50 år med dagens fart å tøme landet for flyktningar og migrantar. Difor må dei stoppast før dei når Libya. Då er Niger sentralt som eit viktig transittland, seier Bøås.

Samstundes sender Italia også soldatar til Libya og Tunisia for å ha militært mannskap på bakken som kan vere med og hindre menneske å finne fram til utskipingshamnene ved Middelhavet.

Drive opplæring

Italias forsvarsdepartement skriv i ei kunngjering at operasjonen i Niger skal:

• Stabilisere området og yte bistand til nigerske styresmakter og dei andre fire landa i samanslutninga G5 Sahel: Mali, Mauritania, Tsjad og Burkina Faso.

• Utvikle nigersk forsvar og politi, nasjonalgarden og forsvarets spesialstyrkar inkludert.

• Bidra til å styrke særleg grensekontrollen.

600.000

Italia er det landet i Europa – saman med Hellas – som har fått flest flyktningar og migrantar inn i landet sjøvegen. Grunna den høvelege geografiske plasseringa i Middelhavet, har landet vore eit hovudmål for den illegale båttrafikken frå Libya.

På fire år, 2014-2017, har heile 600.000 asylsøkjarar og migrantar kome til landet som stikk ut i midt Middelhavet som ein støvel.

– For å stoppe denne straumen, som er ein kombinasjon av ei flyktningkrise og ei folkevandring av migrantar, må heilt andre tiltak til enn militære operasjonar, meiner Bøås.

– Stikkordet er globale avtalar om byrdefordeling.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter