Nyheter

Sviktar studentar frå afrikanske land

Fattige afrikanske studentar kjem ikkje lenger til Norge for å få gratis utdanning heimlanda sårt treng. Rike asiatiske studentar får plassane. KrF vedgår bom.

– KrF har svikta studentar frå særleg afrikanske land, refsar professor Anders Breidlid. Han har i ei årrekkje hatt ansvar for eit studieprogram som har sendt heim ei stor gruppe unge menneske, med topp norsk masterutdanning, til heimland i særleg Afrika.

– Kva slags jobbar har dei fått i heimlanda?

– Fleire har vendt heim til universitet og høgskular for å byggje opp studier som manglar. Mange har fått viktige stillingar i statsapparatet. I sum har dei kome tilbake med kunnskap som er etterspurd i bygginga av landet, forklarar Breidlid.

LES MEIR Afrika ble budsjettvinner

Budsjettavtale

– Dei studentane som kjem no, på det nye programmet, kva land kjem dei frå?

– No er det i stor grad berre rike studentar som kjem, nokre har til og med ein mastergrad allereie, seier Breidlid, som arbeider ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA). Han opplyser at studentane på årets master kjem frå land som Iran, Nepal og Bangladesh.

Breidlid og fleire med han pressa i haust på for at bistandsivrige KrF og Venstre skulle få Solberg-regjeringa, som har utdanning i fattige land som satsingsområde, på andre tankar då dei fire partia forhandla fram ein budsjettavtale sist veke.

– Vi lukkast ikkje å få gjeninnført kvoteordninga sjølv om KrF sa til meg at det var ei veldig viktig sak, fortel Breidlid, og legg til:

– Veldig skuffande. Ap er også svært positive til kvoteordninga, men har ikkje makt til å få til ei endring når KrF og Venstre ikkje er med.

Gjeldsslette

Det såkalla kvoteprogrammet blei etablert i 1994. Målet var å gje høgare utdanning ved universitet og høgskular til studentar frå utviklingsland som kan kome heimlandet til gode når dei reiser tilbake etter avslutta utdanning.

Lånekassa administrerer retten til stipend og lån, på same måte som for norske studentar. Studielåna blir sletta når studentane returnerer til heimlandet etter avslutta mastergradutdanning og buset seg der. Vel dei å bli i Norge må dei betale tilbake lånet slik som resten av studentane i Norge.

– No har vi berre ein student att på dette programmet her på Høgskolen, ein frå Uganda. Han tilhøyrer det siste kullet av kvotestudentar, og skulle ha vore ferdig i vår, men blei forseinka grunna ei ulukke som råka familien i heimlandet, fortel professor Breidlid.

– Denne studenten frå Uganda var ein svært dyktig student, han blei valt inn i Studentparlamentet her på HIOA, og er ganske representativ for dei svært gode studentane som vi fekk på kvoteprogrammet. Desse kvotestudentane hadde ikkje høve til å ta ein master i heimlandet grunna økonomien til familien og manglande relevant masterstudium.

Kunnskapsmål

På topp var det 1.100 kvoteplassar i ordninga. 800 gjekk til utviklingsland eller låginntektsland, og 300 gjekk til land på Balkan, i Sentral-Asia og Aust-Europa utanfor EU.

Men hausten 2015 la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram eit budsjettforslag som skrota ordninga frå og med 2016: «Kvoteordninga har etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Norad vorte evaluert av analyseselskapet DAMVAD, og ein hovudkonklusjon i evalueringsrapporten var at dei kunnskapspolitiske målsetjingane for ordninga berre i liten grad blir nådde», skreiv Røe Isaksens departement i budsjettproposisjonen.

Omlegging

Statsrådens ville heller ha eit studieprogram som satsa på mellominntektsland, og då særleg dei såkalla BRIKS-landa, Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika.

Og slik blei det. KrF støtta forslaget. Men to år seinare vedgår utdanningspolitisk talsmann i KrF, Hans Fredrik Grøvan at omlegginga slett ikkje er vellukka.

– Omlegginga vi støtta har ikkje gjeve dei resultata vi ønskte. Også vi ser at særleg masterstudentar frå land sør for Sahara uteblir ved norske universitet og høgskular.

LES MEIR Usynleg flukt sør gjennom Afrika

Merksame

Men budsjettavtalen mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF som blei signert førre veke hadde ingen punkt om å gjeninnføre kvoteprogrammet – eller endre det programmet som var nytt av fjoråret.

– Vi må berre vedgå at vi ikkje var tilstrekkeleg merksame på denne saka, seier Grøvan, og lovar:

– Vi vil no ta ho opp i revidert nasjonalbudsjett til våren, og når neste statsbudsjett blir lagt fram.

Ingen

Anders Breidlid fortel at HIOAs master i fleirkulturell og internasjonal utdanning, Universitetet i Oslos masterstudium i komparativ og internasjonal utdanning samt Universitetet i Bergens master i global helse hadde mange afrikanske studentar før kvoteordninga blei avslutta. No er det ingen afrikanske studentar på desse studia.

– Det er svært synd, for kvoteordninga var ein svært smart måte å drive bistand på, seier Breidlid.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter