Nyheter

– Forstår at det er provoserande

Både Espen Ottosen og Frode Granrud i NLM reagerer på tekstane på foross.no.

– I NLM er det vanleg å understreke at kvinner og menn er forskjellege, og at vi skal utfylle kvarandre, seier Ottosen, som er informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

Men han er overraska over det han les på den kristne nettstaden foross.no.

– Eg har sjeldan møtt ei så sterk understreking av kor sentralt det er at Jesus var mann, og at kvinner primært skal vere mottakarar, som det blir sagt i denne teksten, seier han.

Provoserande

Mai Lene Fløysvik Hæåk reagerte på ein artikkelserie på foross.no forrige veke og skreiv eit innlegg på Facebook. Ho er oppgitt over at tekstane får plass på sida og er skuffa over svaret frå redaksjonen bak.

Ottosen tykkjer det er lett å forstå at tekstane kan opplevast provoserande. Det gjer også Frode Granerud, som jobbar for NLM i Østfold.

Han har lese delar av tekstane til Heins på foross.no og utdraga som Mai Lene Fløysvik Hæåk kritiserer.

– Eg reagerer sjølv også. Det er mykje som står i desse avsnitta som er vanskeleg å grunngi utifrå ei solid bibeltolking, seier han.

LES MEIR: Oppgitt over kvinnesyn på kristen nettstad

Annan teologi

Det verkar som tanken bak tekstane er at mannen skal leie og kvinna skal bli leia, meiner Granerud. Det tykkjer han er å dra det for langt.

– Det inneber at kvinner ikkje får brukt alt sitt potensiale som Gud har lagt ned i dei. Mange kvinner har mykje godt å kome med på alle slags område, seier han.

Granerud er skeptisk til tanken om at somme eigenskapar er spesifikt kvinnelige eller mannlege og meiner ikkje Bibelen gir grunnlag for å tenke sånn.

– I tillegg står det at kvinner skal bruke mykje tid til bøn. Og det er flott med kvinner som ber for mennene sine, kvinner har ikkje noko større ansvar for å be for mennene sine enn mennene har for konene, meiner han.

– Samsvarar desse tekstane med NLMs teologi?

– Dette er ein annan teologi enn den eg står for og det eg ynskjer å formidle.

Ifølgje Espen Ottosen er det ingen offisielle NLM-dokument om forskjellen på menn og kvinners teneste som har brukt ein slik argumentasjon som kjem til uttrykk i tekstane på foross.no.

Lese på nytt

Frode Granerud skildrar dei bak foross.no som dyktige teologar og teksttolkarar. Han rådar dei til å lese gjennom tekstane på nytt.

– Dei burde sjå etter om dette verkeleg er det dei står for og om det er dette dei vil formidle til unge kvinner.

– Kjem gale ut

Arne Helge Teigen er eitt av seks redaksjonsmedlemmar bak foross.no. Han tykkjer Adriane Dorr Heins, forfattaren bak dei omdiskuterte tekstane, kjem gale ut.

– Som ektefeller er ein alltid både gjevar og mottakar ettersom kva ein har helse og høve til. Eg får peike på dette under den føresetnad at eg kanskje ikkje har forstått alt i artikkelen hennar, skriv han i ein epost.

Teigen har ikkje lese tekstane tidlegare.

– Nettstaden vert oppdatert nesten kvar dag. Men eg burde sjølvsagt ha lese dei, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter