Nyheter

Katolske klinikkar utfører dødshjelp

«Nestekjærleikens brør» tilbyr aktiv dødshjelp på klinikkar i Belgia. Pave Frans krev at den katolske ordenen avsluttar praksisen. Hald deg unna, smell det frå EU-topp.

Belgia var tidleg ute. I 2002 fekk ulækjelege sjuke, handikappa og psykisk sjuke rett til aktiv dødshjelp – om dei var eldre enn 12 år. For tre år sidan blei retten utvida nedover i alder. Også yngre gutar og jenter kan få hjelp til å avslutte livet om dei lir av fysiske sjukdomar som ikkje kan lækjast.

Belgiarar som ønskjer å døy, kan få dødshjelp både på offentlege og private sjukehus. Mellom dei private tilbydarane er den katolske ordenen Les Frères de la Charité – eller Nestekjærleikens brør.

LES MEIR Venstre kan opne for dødshjelp

To døde

I mars gjekk ordenens organisasjon i Belgia ut og forkynte at dei aktivt tilbyr dødshjelp. På 15 klinikkar landet rundt vert 5.000 psykiatriske pasientar behandla kvart år.

12 psykiatriske pasientar har dei siste åra meldt seg med ønskje om å få døy. To har fått dødelege sprøyter, melder Catholic News Service (CNS).

Dødsønskje

Bakgrunnen for at ordenen i vår gjekk ut og annonserte at dei ikkje avviser pasientar som ønskjer å døy, var mellom anna ei uvanleg rettssak i fjor. I byen Diest blei ein privat katolsk pleieheim, St. Augustine, dømt for ikkje å ha innfridd ein pasient sitt siste ønskje.

Den 74 år gamle kvinna ville døy fordi ho lei av lungekreft, og ho ville avslutte livet på institusjonen. Legen hennar skulle få setje ei dødeleg sprøyte. Men pleieheimen nekta, og transporterte henne heim for at ho skulle få døy i «fredelege omgjevnader».

Søksmål

Barna til Mariette Buntjens saksøkte St. Augustine, for som dei sa i retten, pleieheimen påførte mora «unødvendige mentale og fysiske lidingar» ved å ta henne ut av institusjonen, skriv avisa Catholic Herald.

Domstolen gav Buntjens barn medhald. Pleieheimen blei dømt til å betale ei bot på 3.000 euro, og kvar av dei tre barna fekk 1.000 euro i erstatning.

Testsak

Rettssaka blei testsaka. Med dommen i handa sa Sylvie Tack, advokaten til Buntjens barn, at no hadde dei fått det svart på kvitt, frå domstolen: Sjukehus og pleieheimar kan ikkje nekte førespunader om aktiv dødshjelp.

– Berre legar kan nekte, sa Tack til avisa Het Nieuwsblad.

Mellom dei katolske helseinstitusjonane som korrigerte praksisen, var Nestekjærleikens brør.

Ultimatum

Merksemda rundt den aktive dødshjelpa, utført av Nestekjærleikens brør, har nådd Vatikanet. Pave Frans likar ikkje det han høyrer frå Belgia, for aktiv dødshjelp bryt grovt med katolsk lære. Difor har overhovudet for 1,2 milliardar katolikkar forfatta eit paveleg dekret som er sendt til Nestekjærleikens brør i Belgia.

Pave Frans krev at ordenen sluttar å tilby aktiv dødshjelp ved klinikkane i Belgia. Ordensleiar Rene Stockman, som held kontor i Vatikanet, fortel CNS at paven har sett ein ufråvikeleg tidsfrist: 31. august.

Pavens ultimatum krev at styremedlemmene i Nestekjærleikens brør i Belgia signerer eit dokument der dei skriv under på at dei skal verne menneskeleg liv, frå befruktning til naturleg slutt. Dei som nektar må svare for seg i den katolske kyrkjas eigen domstol.

LES MEIR Reiser til Belgia for å få dødshjelp

Tydeleg

I Belgia provoserer pavens ultimatum landets tidlegare statsminister kraftig. Herman van Rompuy, som i åra 2009-2014 var president i det Europeiske råd, ber paven halde seg unna. Katolikken van Rompuy, som sit i styret til Les Frères de la Charité, gjev pave Frans svar på tiltale via twitter:

– Tida då «Roma har snakka, saka er avgjort» er over for lenge sidan, skriv den tidlegare EU-toppen og siterer kyrkjefader Augustin, «Roma locuta; causa finita» – som tyder at paven har siste ord.

Paverefs

Ordensleiar Rene Stockman fortel avisa Crux at han ikkje vil kommentere Herman van Rompuys paverefs, og at han ikkje anar kvifor den tidlegare belgiske regjeringssjefen skriv det han skriv på twitter. Van Rompuy sjølv har ikkje utdjupa kritikken.

Dobla

Tal frå belgisk helsevesen fortel at talet på innvilga dødshjelp er meir enn dobla på fem år - opp frå 954 personar i 2010 til 2.021 i 2015.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter