– Vi treng ikkje saumfare verda for å finne flyktningar som vil til Norge, seier Mazyar Keshvari. Han er innvandringspolitisk talsmann i Framstegspartiet.
– Betyr dette at Frp, etter valet i september, vil prøve å endre forliket som seier at Norge skal i mot 8.000 syriske kvoteflyktingar innan utgongen av 2017?
– Ja, for det Vårt Land fortel i dag viser alle at langt frå alle utvalde kvoteflyktningar treng det vernet dei seier dei treng.
Vedtok forlik
Våren 2015 gjekk nyvalt leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, hardt ut og sa at Norge fint burde klare å opne grensene for 10.000 syriske kvoteflyktningar. Utspelet fekk applaus i Venstre og KrF, men internt i Ap var ikkje alle like glade for det høge talet.
Då Stortinget skulle avgjere saka, ville ikkje Framstegspartiet delta i forhandlingane grunna sterk motstand mot den høge kvoten. Partiet ville heller bruke pengane på å hjelpe syrarar i Syrias nærområde, nabolanda Tyrkia, Libanon og Jordan.
Også SV hoppa av då det ville ha fleire enn dei 8.000 som blei kvoteforliket mellom dei seks andre partia.
LES OGSÅ: Nordmenn flest er positive til flyktninger
Leverte boikott
Frps motstand mot kvoteflyktningane var så sterk at leiar Siv Jensen, som også er finansminister, opna kommunevalkampen i 2015 med ei åtvaring til alle landets kommunar: Sei nei til å busetje flyktningar.
Utspelet fekk KrF-leiar Knut Arild Hareide og Venstre-leiar Trine Skei Grande til å skulde Jensen for å sabotere eit stortingsvedtak.
– Eg kan ikkje hugse sist ein finansminister nokosinne ba nokon sabotere eit stortingsvedtak som eiga regjering har ansvaret for å utføre, sa Hareide til NTB.
Treng vern
To år seinare blir Mazyar Keshvari kraftig provosert av at utvalde kvoteflyktningar takkar nei til Norge:
– Det er naturlegvis frivillig å kome hit, sjølv for kvoteflyktningar. Men når dei ikkje vil reise frå storfamilien, ja, så stiller eg store spørsmål om dei har eit reelt behov for vern.
– Vi tilbyr gratis reise, gratis bustad, gratis helse og gratis utdanning. Likevel meiner kvoteflyktningane at Norge ikkje er godt nok.
Frp-talsmann Keshvari meiner difor at «nok er nok».
– Vi skal absolutt ikkje finne erstattarar for dei som takkar nei.