Vesle julaftan fatta FN eit historisk vedtak. For første gong sidan 1979 vedtok Tryggingsrådet ein resolusjon som fordømte Israels busetjingspolitikk.
USA valde ikkje å støtte Israel som vanleg ved å leggje ned veto – dei nøgde seg med å avstå frå å røyste.
Resolusjonen krev full byggjestopp i dei ulovlege busetjingane på Vestbreidda, som Israel okkuperte under Seksdagarskrigen for 50 år sidan.
Solidaritet
Vedtaket i FNs tryggingsråd provoserte norske Israels-vener i organisasjonen Karmel-Instituttet. I vel 20 år har dei samla inn pengar til israelske busetjarar i Alonei Shilo. No ville dei samle inn ein solidaritetsmillion, som eit handslag til nybyggjarar Karmel-Instuttet seier bur på bibelsk grunn.
I mai var målet nådd. Israels-vener over heile Norge bladde opp:
– Det var ein skammeleg resolusjon. Da avgjorde vi at nå er det viktig å samle inn éin million kroner. Det målet har vi nådd, sa styreleiar John Skåland i Karmel-Instituttet då han talte i busetjinga Ma´ale Efraim 10. mai.
Karmel Israel-Nytt melder at millionen skal finansiere tre nye hus i tre busetjingar i området organisasjonen namngjev som Samaria, ikkje Vestbreidda.
Skattegåvenekt
I 2012 kasta Finansdepartementet Karmel-Instituttet ut av gåvefrådragsordninga. Organisasjonen sendte pengar til ulovlege busetjingar, slo departementet fast.
Bakgrunnen for utkastinga var ein klage frå Fellesforbundet og Norsk Folkehjelp: Karmel-Instituttet burde ikkje få vere med gåvefrådragsordninga, ei ordning som sikrar skattefrie gåver til frivillige organisasjonar.
Fellesforbundet og Folkehjelpa meinte organisasjonen måtte ut då han støtta israelske busetjingar på okkupert område med skattefrie gåver. Klagen førte fram. Med støtte frå Utanriksdepartementet konkluderte Finansdepartementet med at Karmel-Instituttet braut folkeretten.
Styreleiar Skåland tok avgjerda med stor ro:
- Utkastinga motiverte oss berre til å samle inn endå meir pengar. Vi treng ikkje skattefritak for å støtte busetjarar, sa han til Vårt Land.
Buset
Under gåveoverrekkinga i mai sa Skåland at mange nordmenn er glade for å hjelpe israelarar med å busetje landet, melder Karmel Israel-Nytt.
– De er fint at de buset dykk i Israels land som også er landet til jødane, sa Karmel-leiaren til busetjarane som fekk millionen frå Norge.