Gammal slaveby ryddar vekk slavepresident
USAs borgarkrig er ikkje over, sjølv om han tok slutt i 1865. Kranfirmaet som skulle heise ned slavemonument fekk dødstruslar.
Midt på natta, natt til 11. mai, blei sørstatspresidenten Jefferson Davis fjerna frå sokkelen i sentrum av New Orleans.
Gerald Herbert
I fire år stod amerikanar mot amerikanar. Nord mot sør.
Den grunnleggjande årsaka til krigen var slaveriet. I nord var det avskaffa. I sør var det utbreidd. Slavestatane frykta at dei andre delstatane skulle bli så mektige i Kongressen at det ville bli klubba eit nasjonalt forbod mot slavehald.
I 1865 var det over. Sørstatane – som bar namnet Konføderasjonen – måtte strekkje våpen, vifte med det kvite flagget og innsjå nederlaget. Slaveriet blei fullstendig avskaffa i USA.
Bestill abonnement her
KJØP