Nyheter

Sidene ved grisen

Det er lett å gløyme kva ein gris eigentleg er: Eit intelligent dyr vi deler 95 prosent av genene våre med, som liker aller best å grave i jorda etter mat, skriv spaltist Siri Helle.

Bilde 1 av 2

Denne kommentaren ble først publisert i april 2017.

Kvifor skal vi tenke på juleribbe no på våren – er ikkje det litt tidleg, når jula snarare er attom enn framom oss? Nei, det er faktisk heller litt seint: Ved alle høve om vi tek utgangspunkt i grisen.

Ein gris går drektig i tre månader, tre veker og tre dagar. Så skal grisungane leve til dei vert kring 80 kilo før dei kan slaktast. Det tek mellom fire og fem månader – og vips så har julekvelden kome både på kjerringa og alle dei forventningsfulle gjestane hennar.

LES OGSÅ: Når tenkte du sist noe hyggelig om et insekt?

Juleribba

Nett no byrjar altså juleribba å spire inne i ein purkemage ein eller annan stad i kongeriket. ­Eller – gjer han no det? Kan det vere han veks i eit heilt anna land? Ei anna årsak til at vi skal tenke ribbetankar for tida, er at regjeringa vår nyleg har avslutta ting­ingar med EU om handheving av artikkel 19 – import av landbruksvarer.

Importen av mat til Noreg har auka eksplosivt det siste tiåret, og EU er vår største leverandør. Matproduksjonen deira aukar, og det er difor ikkje rart at dei ynskjer å selge meir av han hit til Noreg. Det er heller ikkje rart at den regjeringa vi no har opnar for større slik import. Slik dei òg har gjort: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale kom heim med meir tollfri ost og meir tollfritt storfekjøt frå Eenn det han reiste på tingingsreise med i april. Men at han kom heim med 300 tonn tollfrie ribbekvoter, det var litt overraskande likevel.

LES OGSÅ: – Naturen har blitt fjern og abstrakt i hverdagen

Svinekjøt i frysen

Kvifor var det det? Fordi det jo må vere eit poeng at vi skal klare å ete opp all denne maten vi kjøper frå ­Europa. Og nett no, medan Dale var i Brussel og eg sit og skriv, ligg det 1.100 tonn svinekjøt på fryselager i Noreg.

Det er svinekjøt som produsentane ikkje har klart å selge – såkalla overproduksjon. Næringa produserer meir svin enn dei klarer å selge og vi klarer å ete. Årsaka er at i vår moderne verd heng ikkje ribbene og grisen nødvendigvis saman lenger. Ved alle høve ikkje når det nærmar seg jul – for då skal vi ete ribbe i slike mengder at resten av grisen ikkje held fylgje.

Det er berre to ribber på ein gris. Dei veg ein stad mellom fire og sju kilo til saman, alt etter korleis dei er skorne. Heile grisen veg åtti kilo – med andre ord er det omlag nitti prosent av grisen att. Nitti prosent kjøt vi ikkje tek ansvar for når vi fyrst et opp vår eiga ribbe, utan å ete resten av grisen, og så enno importerer enno meir, berre fordi vi kan, fordi systemet er lagt opp slik.

Rar billegribbe

Det er mykje som er rart i denne verda. Kven vil eigentleg at ribbe skal koste tretti kroner kiloet, til dømes? Bønder vil ikkje. Produsentar vil ikkje. Daglegvarekjedar vil ­eigentleg ikkje selge ribbe med tap dei heller, og forbrukarar seier­ stadig vekk at dei er viljuge til å betale litt ekstra for julematen. Likevel er det billeg ribbe vi får – på same måte som vi får billeg smågodt til påske og billeg kål kring fårikål-slaktetid. 
Di høgare etterspurnad det er ­etter ei matvare, di billegare vert ho. Rart.

Rart er det òg at vi eksporterte­ 5,7 tonn ribbe i fjor til ribbe­landet Danmark, verdas største ­eksportør av svinekjøt. Vi eks­porterte òg 21 tonn skinke til Spania, ­berømt for sine Jamó. Det må vere noko fantastisk svinekjøt vi eksporterer som kan konkurrere med noko slikt?

Det er ikkje det. Til saman eks­porterte vi over nærare 1.000 tonn svinekjøt i fjor, for å regu­lere overproduksjonen vår. Ikkje eit einaste kilo av det kjøtet hadde nokon gong sett sola eller leita i jord slik grisane som gjev Spania sine kjende Serrano- og Iberico-skinker har gjort.

LES OGSÅ: Bedre byliv med grønne tak

Det grisete ved grisen

For midt oppe i alle desse forhandlingsrundane og handelsregelverka er det lett å gløyme kva ein gris eigentleg er: Eit intelligent dyr vi deler 95 prosent av genene våre med, som liker aller­ best å grave i jorda etter mat. Som verken er vegetarianer eller kjøtetar, men altetar (som oss), og difor fortener uendeleg mykje betre enn den endelause dietten av korn, mais og soyabønner han får i dag.

Det er berre to ribber på ein gris. Når ribba er fjerna, er det omlag nitti prosent av grisen att.
Det er berre to ribber på ein gris. Når ribba er fjerna, er det omlag nitti prosent av grisen att.

Den amerikanske bonden og forfattaren Joel Salatin snakkar om å ta vare på det han kallar «the pigness of the pig» – det grisete ved grisen, altså, på godt norsk. Ein del av dette griset er å produsere svinekjøt – ribbe som pølser – på ein måte som let grisen få nyte sola, bruke gravenasa til å sette saman sin eigen meny, rulle seg i gjørma for å kjøle seg ned når sola og alt arbeidet gjer han for varm.

Ein anna del er erkjenninga av at grisen berre har to ribber – og at når det er slutt på dei, bør vi ete noko anna. Så enkel, så genial er grisen. Så enkle bør òg vi menneske kunne vere – at vi held oss for god til å selge gratis ribbekvoter før svineknoken er eten opp.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter