Nyheter

Kom til fots frå Finland

Norge har eitt urfolk og fem nasjonale minoritetar. To av dei kom vandrande frå Finland.

Samar: Den eldste skriftlege kjelda om samane er frå år 98, då skriv den romerske historikaren Tacitus om folket fenni. I dag tel Norges urfolk rundt 50.000, 13.000 var medlem i Samemanntalet ved valet i 2013.

Fire samiske språk er i bruk i Norge. Nordsamisk i Troms og Finnmark, lulesamisk i Nordland, sørsamisk i Nordland, Trøndelag og Hedmark og skoltesamisk (østsamisk) av nokre få i Sør-Varanger i Finnmark. Ni av ti norske samar snakkar nordsamisk.

LES MEIR: Nøler med oppgjer med gamle overgrep 

Jødar: Tel rundt 1.500, dei fleste er medlemmer av dei mosaiske trussamfunna i Oslo og Trondheim.

Rom: Den tradisjonelle gruppa av rom (sigøynarar) omfattar rundt 300-400 personar, som alle er busette i Oslo-området. Språket deira blir kalla romanes. Rom er organisert på storfamilienivå.

Romani/tater: Det finst ingen sikre tal på kor mange som tilhøyrer romanifolket/taterane/dei reisande. Det kan vere tale om nokre tusen personar. Språket til romanifolket blir kalla romani. Ein veit ikkje kor mange som fullt ut kan romani.

Kvenar: Truleg er det i dag er mellom 10.000 og 15.000 personar som reknar seg som kvenar eller som personar av kvensk ætt i Noreg. Dei fleste bur i Finnmark og Nord-Troms. Kvensk språk er viktig som kjenneteikn og identitetsskapande faktor for gruppa, men fornorskingsprosessen har gjort at mange ikkje lenger snakkar anna enn norsk.

Skogfinnar: Ein reknar med at det finst fleire hundre personar som identifiserer seg som skogfinnar. Tidlegare snakka gruppa finsk, og finske ord og uttrykk er framleis i bruk på Finnskogen i Hedmark. Dei seinare åra har det skjedd ei revitalisering av finnekulturen.

LES OGSÅ: – Kirken har glemt å be samer om tilgivelse

Frå aust

To av minoritetane har opphav i Finland. I fleire innvandringsbølgjer, bestemt av krig og hunger i Nord-Finland og Nord-Sverige, busette finnar seg i fjordområda frå Lyngen i vest til Varanger i aust; kvenane.

På jakt etter nye landbruksområde vandra finnar frå søraustre Finland inn i skogområde i Sverige og Norge, i dag kjent som Finnskogen på begge sider av den svensk-norske grensa; skogfinnane.

Både kvenane og skogfinnane kom til Norge på 1500-1600-talet.

Erstatning

Norge har hatt eitt stort og omfattande oppgjer med ein av minoritetane, jødane. I 1999 vedtok Stortinget jødebuoppgjeret – «eit historisk og moralsk oppgjer med den behandlinga den jødiske minoriteten fekk under den andre verdskrigen i Noreg», skriv Bondevik I i stortingsmeldinga om minoritetar i 2000:

• 150 millionar til dei to mosaiske trussamfunna i Norge, Oslo og Trondheim.

• Over 130 millionar til individuelle erstatningar.

• 40 millionar til opprettinga av Holocaustsenteret i Oslo.

• 60 millionar til internasjonale organisasjonar som arbeider med å minne og utvikle den jødiske tradisjonen og kulturen som nazistane prøvde å utrydde.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter