Villige til å la kyrkjer bli næringsbygg
Den norske kyrkja har 1.630 kyrkjer. Fleire kan godt bli brukt til andre formål enn gudshus, meiner nesten fire av ti nordmenn.
KYRKJEBAR: Grunnsteinen til St. Mary’s kyrkje i Dublin blei lagt ned i 1700. I 1986 stengde kyrkjedørene. Etter eit intermesso som målings- og interiørbutikk, gjekk dørene opp for etablissementet The Church, restaurant, bar og nattklubb. Komponisten George Frederick Händel øvde inn «Messias» på kyrkjeorgelet som framleis prydar galleriet.
Bjørgulv K. Bjåen
– Kva skal du ha? spør bartenderen bak disken som fyller midtgongen i det som ein gong var St. Mary’s kyrkje, i 268 år ei staseleg protestantisk kyrkje i Dublin. Her øvde den tyske komponisten George Frederick Händel i 1742, før han urframførte det vidgjetne oratoriet «Messias» i New Music Hall i Dublin.
I dag er Mariakyrkja eit landemerke i Irlands hovudstad. Mange finn seg godt til rette i det tidlegare gudshuset som rommar restaurant på galleriet, bar og kafé i sjølve kyrkja – og nattklubb i kjellaren.
Færre i kyrkja
Bestill abonnement her
KJØP