Nyheter

Vil ta makt frå staten

Den norske kyrkja blir meir ­sjølvstendig, men staten bestemmer framleis om kyrkjer kan seljast. Kyrkjerådet ønskjer lovendring.

Oddbjørn Sørmoen arbeider mykje med forvaltninga av kyrkjebygga til Den norske kyrkja. Som fagdirektør i KA – Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter ser ­utviklingstrekk i det norske samfunnet som vil påverke kyrkjestrukturen i framtida:

– For det første flyttar folk oftare frå distrikta og inn til byar og tettstadar. Tilbake står mange kyrkjer som dermed blir mindre brukt. For det andre ­endrar gudsdyrkinga seg. Generelt går færre på gud­steneste sundag føremiddag. Vi ser også at demografiske endringar i einskilde bydelar gjer at tradisjonelle, lutherske kyrkje­gjengarar blir færre, og at ­kyrkja som dermed blir ­teken ut av bruk, blir leigd ut til ­andre kyrkjesamfunn som fyller kyrkja.

Førebels er det vanskeleg å få omdisponert kyrkjer til anna bruk enn gudshus.

Oddbjørn Sørmoen, fagdirektør i KA

Manglar kyrkjelyd

KA og Sørmoen følgjer også nøye med på vedlikehaldet av dei 1.630 kyrkjene; dei leverer ein ­omfattande tilstandsrapport kvart fjerde år.

– Men eg vil åtvare mot å kople vedlikehald til debatten om kva kyrkjer som kan takast ut av bruk. I dag har vi dårleg vedlikehaldne kyrkjer som har svært aktive og levande­ kyrkjelydar, og vi har flotte og godt vedlikehaldne kyrkjer som manglar det same, seier Sørmoen.

– Vil Norge oppleve det same som andre europeiske land; kyrkjer blir lagt ned, for så å bli leigde ut eller selt og så brukt til heilt andre formål?

– Over tid vil nok dette kunne skje. Men førebels er det vanskeleg å få omdisponert kyrkjer til anna bruk enn gudshus, seier Sørmoen og viser til kyrkjelova.

Stortinget har nemleg vedteke at «Kirker kan ikke avhendes, pantsettes eller påheftes bruksretter. Departementet kan likevel samtykke i salg når særlige grunner tilsier det».

LES MER: Fire av ti nordmenn mener kirkebygg kan bli pub

Endre lova

Direktør Jens-Petter Johnsen i Kyrkjerådet er klar på at Den norske kyrkja arbeider for at ein også skal få overført makt og mynde over kyrkjene frå departement til Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet.

– Kyrkjelova skal reviderast, men det blir ikkje før i 2018.

Johnsen trur ikkje mange kyrkjer kjem til å bli tekne ut av bruk og omdisponert til andre formål. Han spår at i nokre få tilfelle kan ein kome til å oppleve at svært lite brukte kyrkjer heller blir avvigsla og rive ned.

LES MER: Sterk motstand i to partier

Kyrkja står

Astrid Holmsen Krogh er leiar av Norges kirkevergelag. Kyrkjeverjene er daglege leiarar i fellesråda, som forvaltar Den norske kyrkjas bygg.

– Vil Den norske kyrkja få færre kyrkjer i åra som kjem?

– Kyrkja er alltid i utvikling. Vi vil oppleve at fleire av Den norske kyrkas kyrkjer blir leigde ut til andre kyrkjesamfunn, som fyller kyrkjene, seier Krogh, som til dagleg er kyrkjeverje i Ås.

Ho minner om at Den norske kyrkja skal vere landsdekkjande­, alle skal ha eit kyrkjetilbod.

– Vi ser at den lokale kyrkja betyr mykje for mange. Kyrkja representerer det konstante, i ei tid då mykje anna forsvinn.

Mer fra: Nyheter