Nyheter

Regjeringsutvalg ønskjer borgarleg vigsel for alle

Regjeringsutval peika på éi løysing for alle som vil gifte seg.

– Eg meiner vi bør innføre borgarleg vigsel for alle som ønskjer å gifte seg. Det vil tydeliggjere at den same sekulære lovgjevinga gjeld for alle, seier Ingunn Folkestad Breistein.

– Mange vil ønskje å få ei kyrkjeleg signing i kyrkjesamfunnet dei tilhøyrer i tillegg til den borgarlege vigsla.

Rektoren på Ansgar Teologiske Høgskole og teologiprofessoren ved Universitetet i Agder var medlem av det regjeringsnedsette Stålsett-utvalet, som i 2013 leverte rapporten Det livssynsåpne samfunn En helhetlig tros- og livssynspolitikk.

LES MEIR: Ønskjer ikkje barn – blei nekta vigsel

Får like rettar

I utvalet tilhøyrde Breistein fleirtalet på ti som ville at «det innføres sivil ekte­skapsinngåelse som generell ordning».

– Slik kan ein sikre at alle som inngår ekteskap får informasjon at kvinner og menn har like rettar med omsyn til skilsmisse og barnefordeling.

LES MEIR: Sokneprest: Vi burde ha utsatt vielsen

Katolske kyrkja har eigen kyrkjerett

Breistein vedgår at det stiller seg litt annleis for Den katolske kyrkja, for her er vigsel eit sakrament – noko det ikkje er i protestantiske kyrkjer.

– Katolsk kyrkjerett utfordrar sivil lovgjeving, lyder Breisteins varsame kommentar til det katolske vigselsritualet, som mellom anna krev at paret må svare ja på spørsmålet «Vil dere med kjærlighet ta imot de barn Gud måtte skjenke dere, og oppdra dem i Kristi og Kirkens ånd?»

– Det er ikkje problematisk at religiøs tru utfordrar sivil rett, men det bør være i statens interesse å syte for at det er tydeleg kva som er juridisk rett, og kva som er religiøs rett, seier teologen.

LES MEIR: Katolsk krav: Ektepar må være åpne for barn

Ned og opp av skuffen

Stålsett-utvalet blei sett ned av Stoltenberg-regjeringa, lagt i skuffen av kulturminister Thorhild Widvey (H) og plukka fram at av kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter