Nyheter

Mørk Lucia provoserer fram rasisme

Eit Lucia-barn med mørk hud har fått hatet til å koke på sosiale medier i Sverige. Så tok motkreftene ordet.

Snart er han her, Luciadagen. 13. desember blir den heilage Lucias minna og feira, særleg i barnehagar og skular. Dei organiserer lysprosesjonar, og fremst i toga går årets utvalde Lucia, i kvit kjortel og med lys på hovudet. Dei andre barna kler seg ut som stjernegutar og terner, i kvite kjortlar. Alle syng Luciasongen, «Santa Lucia».

LES MEIR Sterk vekst i hatkrim mot kristne

Rasisme

Den svenske butikkjeda Åhlens ville varsle at Lucia var i kjømda. Dei la ut eit foto på sosiale medier av eit barn, med mørk hud, kledd som Lucia, kvit kappe og lyskrone på hovudet.

Fotoet provoserte kraftig. På Facebook-sida til Åhlens rann det i starten inn med rasistiske og hatefulle ytringar:

«mångfald=folkmord på vita»

«det er att göra våld på våra traditioner»

«barnet är ett verktyg i dagens propaganda. Det gillar jag inte»

Då fotoet blei delt i gruppa «Sverige framför allt» fekk det særs mykje negativ merksemd.

Ryddar vekk

Åhlens svarte med å gå inn på Facebook-sida og rydde vekk dei ytringane som er i strid med selskapets sosiale medier-reglar – «Vi uttrycker oss inte nedsättande om människor från andra länder eller personer med andra åsikter eller religioner».

Hatefulle og rasistiske kommentarar blei erstatta med bodskapen om at Åhlens står for likskap, likestilling og mangfald.

Kommunikasjonssjef Weronika Nilsson er opprørt over kva svenskar har fått seg til å skrive under fotoet av det mørke barnet som er kledd opp som Lucia.

– Det er utruleg støytande å sjå desse hatefulle kommentarane, seier Nilsson til avisa Nyheter24.

Svar på tiltale

Då dei mange rasistiske og hatefulle kommentarane blei kjende, gav mange svenskar svar på tiltale. Facebook-sida og Instagram-kontoen til Åhlens blei dynga ned av støtteerkæringar, hurrarop og ros:

«Kram till dig och alla andra fina Lucior som sprider ljus på jorden»

«Det som hotar vår värld är allt hat. De som hatar i Sverige har mer gemensamt med de som hatar i resten av världen, oavsett land och hudfärg»

«Den som känner hat inför en så vacker bild bör rannsaka sig själv. Vilket är värst, att vilket barn som helst skulle kunna få vara lucia eller att folk spyr ur sig hat till höger eller vänster?»

LES MEIR Vald mot funksjonshemma

«Kjærleiksbølgje»

Sundag hadde 17.000 trykt «likar» under fotoet og nær 6.000 hadde skrive positive kommentarar på Facebook-sida. Ei veke før Luciadagen har ei «kjærleiksbølgje» skylt vekk hatet, melder det svenske nyhendebyrået TT.

Kommunikasjonssjef Nilsson vil ikkje fortelje om Åhlens Lucia er gut eller jente:

– Alle har rett til å være Lucia om hen vil, seier Nilsson. Ho brukar det kjønnsnøytrale personlige pronomenet «hen» som mange svenskar har byrja å bruke – og som kom i den svenske ordboka i fjor.

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter