Strammar inn abortretten

Donald Trump har lova å stramme inn retten til abort. Neste år skal han utnemne ny dommar til Høgsterett, som blir svært viktig for abortmotstandarane i USA.

Abortmotstandarar demonstrerte utanfor USAs Høgsterett i juni då domstolen skulle avgjere om ein lov frå Texas var i strid med grunnlova eller ikkje.
Publisert Sist oppdatert

– Trump har lova mykje han ikkje kan gå tilbake på, særleg til konservative kristne, og han har valt seg ein visepresident som blir garantisten for at lovnadane blir innfridde, seier Siri Gloppen, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

USAs nye visepresident, den konservative kristne Mike Pence, var guvernør i Indiana. Som ein sterk motstandar av abort innførte han ein av USAs strengaste abortlover på delstatsnivå.

Heile fire av fem kvite, konservative, lågkyrkjelege kristne – såkalla evangelikale – stemte på Donald Trump i presidentvalet, viser valdagsmålingar (les sak på side 8-9).

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP