Denne teksten er skrive av teolog og pasifist Mailiss Solheim
Blod, sveitte, tårar. Skinn mot hud og nede for teljing. Fotarbeid. Adrenalin og peptalk i hjørnet. Ein knockout-lov er endra og i helga står den største dama i boksehistoria endeleg på norsk jord. Cecilia Brækhus har satt den kontroversielle sporten på dagsorden, men framleis har Noreg eit strengare regelverk knytt til kampsport enn dei fleste andre land.
Eg har dei siste 10-15 åra vore sjølv- utnemnd pasifist, men ingenting gir meg så mykje glede som boksing. Å surre handbandasjane rundt handledd og fingrar. Ta på dei raude hanskane med padding. Puste djupt inn. Lyfte augo mot eit anna andlet. Heve hanskane til ein guard. La kroppen og intuisjonen jobbe seg fram mot den perfekte jaben. Som glir leikande lett inn mellom motstandaren sin guard.
Det kan bli blåmerke. Det kan bli blod. Det kan bli skader. Og mange meiner dette gjer sporten til ei organisert form for vald.
LES OGSÅ: Den svarte kjempa gikk i bakken – nekrolog over Muhammad Ali
Umoralsk?
Debatten handlar om både medisinske og etiske spørsmål. Eg hugsar godt for nokre år sidan, då «idrettsfilosof» Børge Oftedal sa han meinte sporten medisinsk sett burde vere lovleg, men at det var dei etiske prinsippa som gjorde lovforbod naudsynt.
Boksemotstandarar spelar ofte medisinkortet som sitt ess, men skal vi bruke Oftedal som referanse, då er dette eit dårleg argument. Skadeomfanget er minst like stort i anna idrett. Eg legg dette til grunn, og prøvar å sjå på etikk-kritikken. Må eg gå i meg sjølv og tenkje at favorittsporten er umoralsk?
Det etiske argumentet motstandarane brukar, er at boksing er organisert vald. Dei tenkjer at slag mot motstandaren sitt hovud er det viktigaste. Å skade eit anna menneske. Dette har vorte diskutert samstundes som valdsfilmar leikar på fjernsynsskjermen i beste sendetid, og reklame for valdsbaserte spel vert retta mot barn og unge.
Misforståing
Eg klarar rett og slett ikkje forstå at ein ganske universelt akseptert sport er verre enn valdsfilmar. Filmar som glorifiserer hatbasert vald. Filmar der det ikkje er noko regelverk for når valdsmannen stoggar slaga for å sikre offeret si helse. Der målet ikkje er ein sportsleg siger, men å påføre nokon smerte.
Eg skjønar kvar tankane kjem frå. Eg er samd i at motstand mot vald er viktig. Men å kalle boksing og anna fullkontakts kampsport for vald, det er å misforstå idretten sin natur. Som i all anna konkurransedriven sport, er målet i ein boksekamp å vere best. Å vinne.
LES OGSÅ: Anders kriger mot IS: – Som kristen vil eg stå opp for mine brødre og søstre
Skader er ein mogeleg konsekvens av å utøve sporten, ja. Men målet er aldri i seg sjølv å skade eit anna menneske. Vert du knocka ut, er det fordi du gjorde ein feil. Fordi guarden din var for dårleg. Fordi du reagerte for seint. Fordi du rett og slett møtte ein betre utøvar.
Likestilling
Ved å slå opp omgrepet «vald» i nynorskordboka, ser vi at det vert definert som «maktmisbruk». I boksing, slik som i all anna kampsport, er det to likestilte individ som går inn i ringen, vel vitande om kva som skal skje.
Det er ein grunn til at det finns vekt- klasser. Det finns reglar og det er ein dommar. Dette er alt for utøvarane sin eigen sikkerheit. Ingen uskuldig tredjepart risikerer skader. Ingen går inn i ringen mot si vilje. Boksing er ingen form for «maktmisbruk», og dermed ikkje «vald» slik ordboka faktisk definerer det. Og eg er framleis sikker på at mitt moralske kompass ikkje trengs å endrast.
For fyrste gong på langt over 30 år er det altså mogeleg å gjennomføre proffboksing i Noreg, og på laurdag er det duka for storstilt boksefest med Brækhus i front. Det finns framleis motstandarar av sporten, men deira valdsargument botnar i ei mistolking av kampsportens natur.
Eg har tenkt å fortsetje å kalle meg pasifist, samstundes som hanskane, blodet, sveitta og tårene er ein del av kvardagen.
Mailiss Solheim
Teolog og pasifist