Nyheter

Han slepp fengsel for drap

Han drap kona med sovetablettar. Ho ba han gjere det. Likevel slepp Mogens Arlund å sone i fengsel.

Dommen blei mild.

Helsingør byrett i Danmark dømde Mogens Arlund måndag til ein vilkårsdom på 50 dagar i fengsel. Det betyr at han slepp å bli låst inn på ei celle så sant han ikkje gjer nye brotsverk i prøvetida.

Avstanden opp til maksimumstraffa er stor. «Den, som dræber en anden efter dennes bestemte begæring, straffes med fængsel indtil 3 år», lyder paragraf 239 i den danske straffelova.

Enkemannen godtok dommen.

– Arlund er nøgd med utfallet, sjølv om han meiner at han ikkje skulle vore tiltalt og dømt, seier Jan Torp Hansen til Vårt Land. Han var Mogens Arlunds advokat under straffesaka som blei reist mot han.

LES OGSÅ: – Ei ekstrem handling som må vere forbode

Blei lam

Alt starta med eit eple.

Vibeke Arlund byr mannen ho hadde vore gift med i 50 år eit skrella eple. På veg til kjøkkenet etter eit eple til seg sjølv, snublar og fell ho. Den svært aktive pensjonisten slår hovudet hardt mot ein kommode. Då Mogens Arlund kjem styrtande til, klagar kona på at ho ikkje klarar å bevege bein eller armar.

Fallet i februar i år fører Vibeke Arlund til Rikshospitalet i København same kveld. På operasjonsbordet blir det avdekt at halsvirvlar er knekte. Ho er lam frå halsen og ned. Med stor møde klarar ho å bevege stortærne.

Allereie første natt på sjukehuset melder Vibeke Arlund at ho har eitt sterkt ønskje. Ho vil døy. Ektemannen vender det dauve øyret til.

LES OGSÅ: Lege innrømmet i 1992 å ha drept kreftpasient fordi pasientene ba han om det – ville ikke gjort det samme i dag

Repeterer

I to månader repeterer Vibeke Arlund kravet. Ho vil døy. 71-åringen vil ikkje vere pleiepasient livet ut.

Kan du ikkje heller drepe meg? spør ho på slutten av eit møte med ein lege som forklarar den neste operasjonen. Opprørt svarar legen at Arlund ikkje må gje opp.

Operasjonen er vellukka og den påfølgjande treninga gjer Vibeke Arlund godt. Med hjelp klarar ho å reise seg opp, ta nokre små steg – og bevege høgre hand.

LES OGSÅ: Jensen og Hareide krangler om dødshjelp

Hennar dødsønskje

Framstega gjer Mogens Arlund oppglødd. Men kona er fast bestemt. Alle på klinikken ho ligg på veit kva Arlund ønskjer.

Den første dagen i april kjem tilbakeslaget. Ho blir sterkt svekka fysisk. Sju dagar seinare fortel legar at det einaste dei kan tilby er pleie og medisin – livet ut.

Den kvelden høyrer Mogens Arlund på kva kona seier. Saman planlegg dei det som skjer dagen etter. Han hentar hennar lager av sovetablettar i heimen, og får reidd opp ei sjukehusseng ved sidan av konas. To gonger les Vibeke Arlund inn same melding på mannens mobiltelefon.

Eg ønskjer å få døy.

Så gjev Mogens Arlund Vibeke Arlund 20 sovetablettar og let henne svelgje dei ned med vatn. Snart søv kona tungt. Så andar ho ut.

Gjort i miskunn

Mogens Arlund veit kva han har gjort.

– Ein skal ikkje drepe menneske, og det har eg gjort, seier han til Helsingør Dagblad få dagar før han måndag sette seg i Helsingør byrett. Saka går som ei tilståingssak, og er unnagjort på ein dag.

– Men, seier han til lokalavisa, det var eit miskunngjerning.

Lovlege legemiddel

Aktor legg ned påstand om vilkårsdom på seks månader i fengsel. Advokat Jan Torp Hansen ber om dom på vilkår og maks 60 dagar. Same dag avgjer Helsingør byrett saka mot Mogens Arlund.

50 dagar i fengsel. På vilkår. Dommaren trekkjer fram tre forhold som forklarer den milde dommen. Arlund er 78 år, han tilstod straks drapet og han brukte lovleg innkjøpte legemiddel.

– Drap, seier advokat Torp Hansen, handlar om éi sak når det blir behandla av domstolen: Ser vi viljen til det vonde?

Han svarar sjølv:

– Det såg vi ikkje i saka mot Mogens Arlund. Retten høyrde hennar meldingar på mobilen til Mogens.

LES OGSÅ: Hit kommer dødshjelpturistene

Påtalemalta tenkjer

– Vil den milde dommen påverke Danmarks forbod mot dødshjelp, Jan Torp Hansen?

– Trur ikkje det. Men eitt er sikkert, domstolen seier at det ikkje er fritt fram. Dommen behandlar eksplisitt herr og fru Arlunds situasjon.

– Mogens Arlund ankar ikkje dommen, kva gjer påtalemakta?

– Dei har tenkjetid. Men eg trur ikkje dei ankar. Vonar eg.

Kjelder: Dommen frå Retten i Helsingør, Helsingør Dagblad, Berlingske.dk, bt.dk, dr.dk.

Mogens Arlund er informert om dagens sak i Vårt Land.

LES OGSÅ: «Arrogant å tro at våre verdier alltid er bedre enn våre forgjengeres»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter