Nyheter

Pilegrimar kjøper dagskort på bussen

Ekte pilegrimar vitjar alle Romas sju pilegrimskyrkjer mellom soloppgang og solnedgang.

– Une biglietti.

Som alle veit; han som skal kjøpe billett til kollektivtransport i Roma, må kjøpe dei på ein bar, eller ein tabacchi ...

Aviskioskinnehavaren på Republikkplassen legg eit dagskort på disken. Sju euro for buss, trikk og metro i 24 timar. 67 kroner for å nå fram til alle dei sju klassiske pilegrimskyrkjene vandrarane vitja, på ein og same dag. Dei hadde som kjent berre apostlanes hestar.

Fiskaren frå Genesaret

Roma er blant kristendommens fremste pilegrimsmål. Her ligg martyrgravene til apostlane Paulus og Peter. Kristenforfølgjaren, som blei slått til marka og blinda på vegen til Damaskus før han omvende seg og blei verdas mest kjende brevskrivar, og dermed urkyrkjas fremste teolog, ligg i basilikaen utanfor murane; San Paolo fuori le mura. Eller Pauluskyrkja.

Fiskaren frå Genesaretsjøen, læresveinen som fornekta Jesus tre gonger, men som blei verdas første pave, ligg i Vatikanet, i basilikaen ved Petersplassen som også ber namnet hans; Basilica Papale di San Pietro. Eller Peterskyrkja.

PILEGRIMSSOMMER: Arbeidsløse går ikke pilegrim

Frå Norden

Kristninga av det vestlege og nordlege Europa på 300- og 400-talet gjorde mykje for at Roma og martyrgravene i byen blei mål for internasjonale pilegrimar, som kom vandrande over Alpane.

Allereie på 500-talet kom frankarane. Då hadde Romarriket gått i oppløysing. Men dei etterlet seg eit imponerande vegnett, så alle vegar førte til Rom. På 700-talet kom det flokkar med pilegrimar frå særleg dei delane av Europa som i dag er England og Tyskland.

Skandinaviske pilegrimar fann fram langs vegane sørover då kristendommen hadde fått fotfeste nord i verda. Då nordmennene byrja gå pilegrim til pavens by, kunne dei gå rett inn i ein gammal og innarbeidd skikk.

Pilegrimsturane til Roma hadde også preg av bot, særleg under inkvisisjonen. I 1299 gjekk det til dømes rykte blant kristne i Europa om at i år 1300 ville det bli utdelt rikeleg med avlat i Roma. Resultat: Enorm tilstrøyming av pilegrimar. På slutten av 1300-talet sirkulerte det uoffisielle guidebøker som skildra kor mykje avlat ein kunne hente i Roma.

PILEGRIMSSOMMER: – Å være pilegrim handler om å ta bolig i tida

Har leivningar

Billettkontroll, billettkontroll!

Jungeltelegrafen på bussen til Peters kyrkje varslar på mange språk. Nåde han som ikkje har si sak med kollektivselskapet i orden. Han slepp berre unna om han betalar eit avlat. 50 euro, pluss sjølve billetten, 1,50 euro.

Dagskortet blir nøye granska. Og levert tilbake med eit «grazie».

Vi er på veg. Dagplanen har sju stopp. Romas sju klassiske pilegrimskyrkjer.

Basilica Papale di San Pietro – i Peterskyrkja er leivningane til den første paven, minus hovudet, gravlagt.

San Paolo fuori le mura – i Pauluskyrkja ligg leivningane til teologen som forma urkyrkja med sine mange og fyldige brev, Paulus skreiv heile 13 brev i Det nye testamentet.

Santa Maria Maggiore – har ein rest av krubba Jesus blei lagt i då han blei fødd i Bethlehem, og er den største kyrkja i Roma som er via jomfru Maria.

San Lorenzo fuori le mura – den minste av dei fire hovudbasilikaane, reist over grava til Laurentius, ein av dei sju diakonane som blei avretta i 258, her finn du også leivningane til Stefanus, verdas første kristne martyr.

Santa Croce in Gerusaleme – har restar av Det heilage korset og inskripsjonen som hang over hovudet på Jesus då han blei korsfesta.

San Giovanni in Laterano – er Den katolske kyrkjas fremste katedral, her står to byster som inneheld hovuda til apostlane Peter og Paulus.

San Sebastiano fuori le mura – kyrkjas ber namnet til martyren Sebastian, blei først oppført som Basilica Apostolorum; kyrkja til apostlane.

I det heilage året 2000 fann pave Johannes Paul II ut at han ville byte ut San Sebastiano. Inn på lista over dei heilage sju kom Santuario della Madonna del Divino Amore, ein katolsk heilagdom som er via jomfru Maria.

LES OGSÅ: Knut Olav Åmås ble pilegrim

Nærme seg Jesus

Motivasjonen for Roma-vandringa var og er enkel; ved å vandre den fastsette ruta mellom dei sju kyrkjene, som husar dyrebare relikviar, blei dei truande ført nærare Jesus.

«Særlig syke, sorgtunge og botferdige søker nå å kravle seg frem til sarkofagen, hvor den hellige manns eller kvinnes jordiske levninger ligger skjult. Det gjelder å komme det hellige sted så nært som mulig. Slik nødlidende i bibelsk tid trengte seg frem til Jesus for å få nærkontakt, berøre hans kappe, ta på ham, slik søker de samme mennesker i ettertid å nærme seg Jesus via hans tjener - hvis jordiske rester er tilstede i dette skrin, og hvis sjel står Jesus så inderlig nær i himmelborgen», skriv pater Olav Müller på katolsk.no.

Middelalderpilegrimane frå nord opplevde vandringa mot sør som eit farefullt blodslit. På vegen mot Roma hadde dei hatt talrike følgjesveinar; svolt, hete, kulde, sjukdom, landvegsrøvarar, valdtektsmenn.

PILEGRIMSSOMMER: Dette pilegrimsmålet er åsted for et sverdmord

Guida turar

Fart over pilegrimsvandring Roma rundt blei det først på slutten av 1500-talet. Presten Philip Neri, som seinare blei helgenkåra, organiserte dagsvandringa til dei sju kyrkjene. Han ønskte at pilegrimane som nådde Roma skule få dele ei felles religiøs oppleving gjennom å oppdage arven frå dei første heilage. Fader Neri trekte opp ruta: Først Peterkyrkja, så Pauluskyrkja, San Sebastian, Laterankyrkja, Santa Croce in Gerusaleme, Laurentiuskyrkja og til slutt Santa Maria Maggiore.

Oppmøtet blei sett til daggry. Ved kvar kyrkje var den bøn, salmesong og ei kort preik av fader Neri. Kyrkjevandringane blei eit viktig ledd i regisseringa av Roma som heilag by.

PILEGRIMSSOMMER: Da solen danset i Fatima

Historisk hovudveg

San Sebastiano er den tyngste kyrkja å nå, ho ligg lengst unna bykjernen. Men til gjengjeld ligg ho langs regina viarum – eller «alle vegars dronning».

Via Appia var den viktigaste blant dei romerske vegane, så når du travar nedover Via Appia Antica for å nå fram til San Sebastiano, er du på verkeleg historisk grunn:

Du går på sørgåande hovudveg i Det romerske riket. Vel framme ved San Sebastiano fuori le mura stig du inn i kyrkja som er bygd over staden der leivningane til Peter og Paulus blei lagra då keisar Valerianus organiserte forfølgingar av kristne.

Hit kom, hit kjem pilegrimar for å heidre dei to martyrane.

Ute på Via Appia er det mørkt. Siste buss til herberget har kjørt. Apostlanes hestar får kvile.

«Taxi, taxi!»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter