To drap mobiliserte tusental amerikanarar til å gå i demonstrasjonstog torsdag. I begge tilfella var ofra svarte og politimennene som skaut og drap kvite:
6. juli: Philando Castile blei skoten og drepen etter å ha blitt stoppa av politiet for ein rutinekontroll medan han kjørte bil i småbyen Falcon Heights i Minnesota.
5. juli 2016: Alton Sterling blei skoten og drepen utanfor ein storkiosk der han selde CD-plater i Baton Rouge i Louisiana.
I storbyen Dallas enda demonstrasjonen i eit blodbad. Fem politi blei drepne og seks skadde då snikskyttarar byrja å skyte på dei som gjekk i politiuniform.
LES OGSÅ: Amerikanske sørstatskirker tar oppgjør med egen rasisme
Kvitt politi
Drapa på Castile og Sterling – og på politifolka i Dallas – rettar søkjelyset mot to forhold:
• Svært mange svarte blir skotne av politiet, og politifolka som skyt er for det meste kvite.
• I amerikanske byar med store bydelar der det for det meste bur svarte, er politikorpset ofte svært kvitt.
Svarte offer
Avisa The Guardian loggfører alle politidrap i USA i 2016. I går passerte talet 566 døde. 279 av ofra er kvite medan 136 er svarte – to av dei heiter Castile og Sterling.
Men når dei svarte utgjer 13 prosent av befolkninga i USA, blir forholdet mellom svarte og kvite offer heilt annleis. Brote ned på drepne per 1.000, ser det slik ut:
• Svarte: 2,2.
• Kvite: 1,4
ALF GJØSUND: Er homofile mer sympatiske enn andre?
Stor utfordring
USAs samla politistyrke passerer snart 500.000 tenestemenn. Justisdepartementet laga i 2013 ei nasjonal kartlegging av politikorpsa i alle dei 50 delstatane. Av 477.000 politifolk var 12 prosent svarte.
Kartlegginga avdekte ei stor utfordring: Politiet evnar ikkje å få opp talet på svarte politifolk medan det blir stadig fleire i uniform frå etniske minoritetar som indianarar, hispanics, asiatar og inuittar.
Er uvenlege
Analytikarar som forskar på den amerikanske politistyrken, seier manglande interesse for ein karriere i politiet blant svarte skuldast alt frå uvilje til manglande grunnutdanning.
Nelson Lim, som arbeider i Rand Corporation, seier til Wall Stret Journal at mange svartes motstand mot å bli politi, kan oppsummerast slik:
– Kvifor skal eg arbeide i ein organisasjon som er kjent for ikkje å vere venlege med menneske som meg?
Kriminalitetsforskar Anne Kringen ved University of New Haven pekar på at mange svarte ikkje når opp i søknadsprosessen når politiet rekrutterer nye tenestemenn. Mange svarte skårar dårleg når helse, økonomi og dugleik blir sjekka.
Samla utgjer nasjonale minoritetar no snart 30 prosent av USA samla politstyrke.
LES OGSÅ: Prest sluttar – orkar ikkje meir rasisme
Lik folket
New York Times har studert 17 store byar i USA som har mange bydelar der det bur mange svarte. Fellesnemnaren i avisas kartlegging er tydeleg: Der mange svarte bur er det mange kvite politifolk.
Ekspertar på samfunnsplanlegging seier dette er eit problem. Politiet må ha eit mangfald for framstå som truverdige i samfunnet.
– Sjølv om politifolk, uavhengig av etnisitet, handhavar lova på same måte, har politiet eit imageproblem om samansetninga av korpset ikkje samsvarar med befolkninga, forklarar sosiolog Ronald Weitzer ved George Washington University.
LARS GILBERG: Sett fra Norge framstår amerikanske våpenlover som helt høl i hue
Mispass
Politistyrken i Dallas, som torsdag blei heimsøkt av politimordarar, er eit døme på mispasset New York Times avdekkjer. Storbyen i Texas har mange bydelar der svarte og hispanics er i stort fleirtal. Likevel er over halvparten av politifolka i byen kvite.