– Vi har ein statsråd som seier at livet må vere vanskeleg før det kan gå betre, seier generalsekretær Ann-Magrit Austenå i Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS).
– På kva måte?
– Før det er snakk om integrering, må flyktningar oppfylle strenge krav om inntektsnivå og butid, og mindreårige skal berre få mellombels opphald, forklarar Austenå, og held fram:
– Vi har ein statsråd som stiller strenge krav, samstundes som ho blokkerer vegval.
– Korleis då?
– Vi må få fjerna det særnorske kravet om at folk som manglar gyldig ID ikkje kan få jobbe medan dei ventar på at asylsøknaden skal bli behandla ferdig.
LES MEIR Her er Listhaugs 69 integreringskrav
Endringar
I løpet av fem veker har Sylvi Listhaug (Frp) lagt fram 109 tiltak som skal endre og stramme inn norsk asyl-, flyktning og integreringspolitikk:
• 40 innstrammingstiltak på asyl- og flyktningfeltet.
• 69 integreringstiltak.
Innan Stortinget tek sommarferie i slutten av juni, vonar Solberg-regjeringa at tiltaka er omgjort til ny, norsk politikk med hjelp frå budsjettkameratane Venstre og KrF, samt forliksvenene Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Vårt Land har spurt NOAS om deira oppsummering av eit halvt år med Sylvi Listhaug.
LES MEIR Skuffet over manglende imam-tiltak
Ideologi
Frp-statsråden er Norges første innvandrings- og integreringsminister. Onsdag oppsummerte Listhaug ideologien ho legg til grunn for arbeidet med å ta i mot asylsøkjarar og få dei busette:
– Eg har tru på belønning og krav.
På presentasjonen av integreringsmeldinga understreka ho at «vi må stille krav, men ikkje for å vere slemme med folk».
Sjølve meldinga oppsummerte Listhaug slik:
– Innvandrarar må kome i jobb, bli skattebetalarar, lære seg norsk og bli deltakande samfunnsborgarar.
Utradert
Når Austenå i NOAS analyserer innvandrings- og integreringsministers politikk, ser ho eit tydeleg trekk:
– Listhaug har klart å utradere det liberale Høgre.
– På kva måte?
– La meg ta eit døme. I 2013 sa Høgres Michael Tetzschner nei til å kople sosiale ytingar med statsborgarskap. No vil den Høgre-dominerte regjeringa innføre eit butidskrav på fem år for rett til kontantstøtte.