Dei raudgrøne prøvde, men lukkast ikkje. No skal dei blåblå etablere eit omsorgssenter i Afghanistan, som skal ta i mot heimsendte barn som har fått endeleg avslag på asylsøknaden i Norge:
«Det har allerede vært politiske samtaler med afghanske myndigheter om bl. a. etablering av omsorgstilbud», skriv innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) i eit brev til Stortinget.
Men det er ikkje mange einslege mindreårige som ventar på å bli sendt til heimlanda, viser talet Vårt Land har fått frå Utlendingsdirektoratet (UDI):
12 einslige mindreårige asylsøkjarar under 18 år var registrert med utreiseplikt i asylmottak ved utgangen av mars.
Attraktiv
Sidan Framstegspartiet overtok ansvaret for norsk asyl- og flyktningpolitikk, har partiets statsrådar vore særleg opptekne av ei sak: For mange einslege mindreårige søkjer asyl i Norge.
Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) gjekk i april ut i NRKs debattforum Ytring med denne meldinga: «Norge er et av de landene i Europa som er mest attraktive for enslige mindreårige, og vi er på topp fem når det gjelder ankomster av enslige mindreårige asylsøkere.»
Auke
Tal Vårt Land har henta frå Utlendingsdirektoratet (UDI) viser at det kom svært mange i fjor samanlikna med året før:
• 5.297 einslege mindreårige søkte asyl i Norge i 2015.
• 1.204 einslege mindreårige søkte asyl i 2014.
• 3.424 kom frå Afghanistan i 2015.
• 324 kom frå Afghanistan i 2014.
Strategi
Stoltenberg-regjeringa starta i 2009 arbeidet med å få etablert eit omsorgssenter for mindreårige i Afghanistan. Men lukkast ikkje. Då Solberg-regjeringa rykka inn hausten 2013 overtok dei arbeidet med senteret, men måtte i 2014 leggje vekk planane. Afghanske styresmakter sa nei.
Nå melder Listhaug, som fekk det samla ansvaret for asyl- og flyktningpolitikken i november i fjor, at planane er henta fram:
«Basert på tidligere erfaringer har Justisdepartementet nå utarbeidet en strategi for gjenopptakelse av arbeidet med etablering av omsorgstilbud. Land med høye ankomsttall vil bli prioritert, herunder Afghanistan», skriv ho i brevet til Stortinget.
I statsbudsjettet for 2016 var justisminister Anders Anundsen (Frp) opptatt av at Norge må få sendt heim barn som ikkje har krav på vern i Norge. Dei blåblå vil «legge til rette for retur av enslige mindreårige uten beskyttelsesbehov til opprinnelsesland».
Følg oss på Facebook og Twitter
Opphald
Utfordringa for Solberg-regjeringa er at det er få einslege mindreårige som skal sendast ut av Norge med einvegsbillett. Barn generelt, og særleg afghanske mindreårige, får opphald i Norge:
• UDI behandla i fjor 1.165 asylsøknader frå einslege barn – halvparten kom frå Afghanistan. Totalt fekk 1.071 opphald – berre 27 fekk avslag.
• UDI har behandla 337 søknader fram til mai – 85 prosent kjem frå Afghanistan. Totalt fekk 288 opphald – berre 9 fekk avslag i denne perioden.
Alle som får avslag, ankar avgjerda til Utlendingsnemnda (UNE).
Familie
Det at så få barn endar opp med endeleg avslag, påverkar ikkje Solberg-regjeringa og innvandrings- og integreringsminister Listhaug i arbeidet med å etablere omsorgssenteret i Afghanistan:
«Mulige samarbeidspartnere for å drifte et omsorgstilbud, bl. a. i Afghanistan, er under vurdering. For øvrig har vi også kontakt med internasjonale organisasjoner om bistand til oppsporing av familie.»
På spørsmål frå Vårt Land om kvar dei 12 barna med utreiseplikt kjem frå, svarar UDI:
– Eg kan seie at eit fleirtal kjem frå Afghanistan, opplyser seniorrådgjevar Therese Bergwitz-Larsen.