Nyheter

Nekta Karmel skattefrie gåver

Organisasjonen sende pengar til ulovlege busetjingar.

For fire år sidan klaga Fellesforbundet og Norsk Folkehjelp til Finansdepartementet:

Karmel-Instituttet burde ikkje få vere med gåvefrådragsordninga, ei ordning som sikrar skattefrie gåver til frivillige organisasjonar.

Fellesforbundet og Norsk Folkehjelp meinte Karmel måtte ut då organisasjonen støtta israelske busetjingar på okkupert område med skattefrie gåver.

LES OGSÅ: Norskstøtta busetjing skal rivast

Sa nei

Men i august 2012 melde Finansdepartementet at «Karmel-Instituttet har ikke gitt økonomisk støtte til israelske bosettinger på okkupert område etter at utelukkelsesbestemmelsen trådte i kraft, og blir derfor ikke utelukket fra gavefradragsordningen».

Retten til å utelukke organisasjonar kom inn i skattelova i 2012.

Snudde

Ein månad seinare snudde Finansdepartementet 180 grader:

«Karmel-Instituttet utelukkes fra gavefradragsordningen etter nye opplysninger om støtte til israelske bosettinger på okkupert område.»

LES OGSÅ: Få ulovlege hus blei knust

Forklaringa var at Karmel-Instituttet braut folkeretten.

– Vi vil unngå at gåvefrådragsordninga kjem organisasjonar som aktivt støttar eller medverkar til handlingar som er i strid med folkeretten, til gode, sa dåverande statssekretær Roger Schjerva (SV).

Motivasjon

I Karmel-Instituttet tok dei avgjerda med stor ro:

– Utkastinga motiverte oss berre til å samle inn endå meir pengar. Vi treng ikkje skattefritak for å støtte busetjarar, seier leiar John Skåland.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter