Varebilen stod i fergjekø i Bergen. Tollvesenet hadde rutinekontroll av reisande til Danmark. Då døra på den tyskregistrerte bilen blei opna, rann smuglarvarene ut. Tollarane talte opp 1.350 pakkar med 20 bleier i kvar. Det var altså snakk om 27.000 bleier.
Eingongsbleier er lovleg vare i bagasjen til dei som reiser frå Norge. Men alle varer som er verdt meir enn 5.000 kroner skal fortollast på vegen ut; staten skal ha sitt.
LES MEIR: Tøybleier tapar bleiekrig – trass subsidiar
[ NYHET ]
Beslag
Smugling av narkotika, brennevin, øl og sigarettar inn i Norge er eit kjent fenomen ved grenseovergangen mellom Norge og Sverige. Meir ukjent er smuglinga av bleier den motsette vegen.
Både toll og politi har gjort store bleiebeslag langs grensa:
• To litauiske varebilar med 1.500 bleiepakker verdt 100.000 kroner blei i haust stoppa ved Junkerdal tollstad i Salten i Nordland. Bleier er så billige i Norge at de kan seljast i Litauen for det mangedobbelte av innkjøpsprisen i norske daglegvarebutikkar. Smuglarane fekk eit forelegg på 5.000 kroner, og Tollvesenet tok hand om bleiene.
• Svenske tollarar i Åsarna i Jämtland stoppa ein bil lasta til randen med over 25.000 bleier kjøpt i Norge. Smuglarbilen skulle til Litauen. To menn blei sikta for smugling.
• Tollvesenet i Finnmark avslørte ein bil med spesiallagde holrom som var fylt opp med bleier.
LES MEIR: Anmeldt for smugling av asylsøkere
Gåver
Tolldirektoratet opplyser at dei aller fleste smuglarbleiene Tollvesenet legg hendene på, blir destruerte. Men det er unntak:
– Det hender vi gjev vekk bleier til lokale mottakarar, som barnehagar og barnevernsinstitusjonar. Men dette kan først skje etter ein utgreiingsrunde der vi må kunne slå fast kvar bleiene kjem frå, fortel kommunikasjonsrådgjevar Karoline Carlsen i Tolldirektoratet.
LES MEIR: Tøy er gøy
Handletur
Svenske lokalaviser fortel også om svenske småbarnsfamiliar, som bur i grensekommunane til Norge, som kjører til dels lange avstandar for å kunne handle billege bleier i Norge.