Dagane fram mot jul har ein tendens til å fyllest til randen av obligatorisk og ikkje-obligatorisk førjulskos. Juleverkstad, baking, brygging, tre skulegudstenester på ein dag. Slike ting.
[ Sjå heile klimakalenderen her ]
Av og til går det så fort at ein gjerne utset gjeremål ein kanskje burde ha gjort i dag i staden for i morgon. Hårvask kan ofte verte eit slikt gjeremål. Då gjeld det å ha eit triks i ermet, eller i alle fall dei rette ingrediensane i kjøkenskapet. Du treng nemleg ikkje legge pengar eller klimasamvit i dyre kjemiske tørrsjampoar:
Algoritme for hår som burde ha sett litt reinare ut (ikkje la deg lure, du burde framleis ha vaska håret):
1. Bland potetmjøl eller maizena saman med natron i forhaldet 4:1

2. Bruk sminkekosten eller anna eigna reiskap og påfør i hårrøtene

3. Rufs i håret i eit forsøk på å skjule juksinga.
PS: Har du mørkt hår kan du tilsetje litt kakao i miksen.