Israelsk supermodell kravde stengt luftrom over bryllaup

Statsråd trua luftfartssjef med sparken.

Bar Refaeli ville ha tomt luftrom over bryllaupet i september.
Publisert Sist oppdatert

Bar Refaeli er modell og superkjendis i Israel. 24. september gifta ho seg med den israelske forretningsmannen Adi Ezra nord i Israel – ikkje langt frå Libanon og Syria.

For å vere heilt sikre på at bryllaupet ikkje blei forstyrra, ba Refaeli om at luftrommet over bryllaupsstaden blei stengt i ni timar. Planet til paret var nemleg at fem droner, ein luftballong og to helikopter skulle sveve over bryllaupsfesten for å sikre dei nygifte dei aller beste bileta.

Luftfartsstyresmaktene sa ja, for Refaeli er ei uvanleg og dame og då må landet stille opp med uvanlege ordningar, meinte dei, skriv Berlingske.dk.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP