Striden om kor mange kvoteflyktningar Solberg-regjeringa skal ønskje velkomne til Norge, har rast lenge. Ei gruppe byrjar no å kome til Norge:
20 såkalla kamptolkar, tolkar som fekk norsk uniform og våpen då dei jobba for den norske styrken i Afghanistan, har fått innreiseløyve til Norge saman med familie, totalt 85 personar, opplyser Justisdepartementet til Vårt Land.
Dei siste tala viser også at ti har fått avslag; dei «falt utenfor ordningen», skriv departementet i ein epost til Vårt Land.
Totalt har 67 tidlegare kamptolkar frå Afghanistan søkt om å få opphald i Norge etter at Stortinget i vinter påla regjeringa å finne ein «egen ordning»
LES OGSÅ: Utsendt tolk: – Jeg er veldig, veldig glad
For mange
Kamptolkane kjem som kvoteflyktningar har justisminister Anders Anundsen (Frp) bestemt. Det var ikkje aktuelt for regjeringa å ta heim tolkane på ei eiga ordning utanfor kvotesystemet. Dermed sprengjer afghanarane ramma for kor mange kvoteflyktningar Norge skal ta imot i år.
LES OGSÅ: Spenning rundt nye bosettingstall
Løysinga fann justisminister Anders Anundsen (Frp) i Uganda. Han har gjeve FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) melding om at 150 kongolesiske flyktningar som i dag sit i flyktningleiarar i Uganda berre kan bli. Norge kjem ikkje og hentar dei ut slik planen var.
Blir ikkje plukka ut
I eit brev sendt ei rekkje statlege etatar skriv Justisdepartementet afghanarar og syrarar blir prioritert:
«Det anslås at tolkene som vil få komme til Norge sammen med sine nærmeste familiemedlemmer vil utgjøre om lag 200 personer. Det er derfor behov for om lag 150 plasser i tillegg til de ledige åpne plassene. Av hensyn til antall plasser, hensiktsmessig planlegging av uttak av ytterligere 500 syrere m.m. har departementet kommet til at uttaket av kongolesiske flyktninger i Uganda (150 plasser) må utgå.»
Glade veteranar
I Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO) er dei glade for at kamptolkane med familiar no byrjar å kome til Norge.
– Politikarane hadde eit ansvar for å gje dette personellet tryggleik her i landet, seier generalsekretær Thor Lysenstøen
– Men, seier NVIO-sjefen:
– Det er forferdeleg uheldig at afghanarane dyttar ut ei gruppe med kongolesiske flyktningar som skulle ha kome til Norge.
LES OGSÅ: Frp-ere krever ikke regjerings-exit
Som følgje av den langvarige borgarkrigen i Kongo, som også involverer naboland, har store grupper blitt flyktningar, både internt i Kongo og i naboland. UNHCRs plan er å gjenbusetje 50.000 kongolesiske flyktningar innan 2015 er omme. Norge hadde takka ja til å plukke ut 150, i hovudsak kvinner og barn, i år.
– Verda rundt er folk på flukt, så det er mange dilemma som skal få løysingar, seier Lysenstøen i NVIO.
Kvotestrid
Striden om kvoteflyktningane byrja for alvor i fjor haust:
I oktober i fjor klarte KrF og Venstre å presse inn 500 ekstra kvoteflyktningar, på overtid av overtida under budsjettforhandlingane med Høgre og Framstegspartiet. Særleg var Frp sterkt i mot å auke talet på overføringsflyktningar som blir plukka ut av FN.
I februar sa Stortinget ja til at Norge skal ta i mot kamptolkar som har arbeidd saman med norske styrkar i Afghanistan fram til 2014. Ein samla justiskomité kravde «egen ordning»:
«Stortinget ber regjeringen utforme retningslinjer, i form av en egen ordning, som innebærer at kamptolker Forsvaret brukte i Afghanistan fra 2006 fram til november 2014, kan få arbeids- og oppholdstillatelse i Norge».
Kamptolkane burde kome i tillegg til kvoteflyktningane, slik at vi kunne tatt imot dei 150 kongolesiske flyktningane.
– Geir Toskedal, KrFs flyktningpolitiske talsmann
I april definerte justisminister Anders Anundsen (Frp) Stortingets krav om «egen ordning» slik: For det første skal kamptolkane frå Afghanistan kome til Norge som overføringsflyktningar frå FN; altså status som kvoteflyktningar. For det andre skal ikkje den samla norske flyktningkvoten aukast.
Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) i Justisdepartementet heldt opp Stortingets vedtak:
– Vi må halde oss til Stortingets vedtak når det gjeld talet på kvoteflyktningar. Men dette vil ikkje gå utover kvota for syriske flyktningar som Norge har plikta seg til å ta imot, sa han til NTB.
Etter at kvotestriden for eit år sidan enda med 500 ekstra, skulle Solberg-regjeringa ta imot 2.120 kvoteflyktningar frå FN i 2015. 1.500 av desse var syrarar. Men så kom vårens Syria-strid.
I juni sa stortingsfleirtalet at Norge skal ta i mot 8.000 kvoteflyktningar frå Syria i åra 2015-2017. SV var ikkje ein del av avtalen då partiet meinte talet var for lågt. Frp nekta å vere med på å auke kvoteflyktningtalet.
Justisdepartementet og regjeringa kom så fram til at måltalet var urokkeleg. Difor må 150 kongolesiske flyktningar som sit i Uganda ut.
Har ein avtale
I Venstre, som ville ta i mot 10.000 syrisk kvoteflyktningar i vår, seier flyktningpolitisk talsmann André N. Skjelstad at partiet er bunden av kamptolkavtalen i Stortinget.
- Vi gjorde ein avtale og står ved han.
I KrF vedgår dei at partiet var med på avtalen som sikra kamptolkar opphald i Norge. Men flyktningpolitisk talsmann Geir Toskedal meiner Solberg-regjeringa har ei vel «stram tolking av avtalen»:
– Kamptolkane burde kome i tillegg til kvoteflyktningane, slik at vi kunne tatt i mot dei 150 kongolesiske flyktningane.
Toskedal i KrF minnar dei blåblå om at Norge ikkje kan gløyme flyktninggrupper ein har lova hjelp.