Nyheter

Ja til meir åtgaum!

La nynorsken vere meir enn eit pyntespråk.

Då eg annonserte at eg skulle skrive litt om Dei nynorske festspela, fekk eg tomme blikk tilbake. Festspel? Kva, er det i Oslo?

Så, for dei uinnvigde: Dei nynorske festspela vert arrangert kvart år, på Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Faste ingrediensar er blomar ved bautaen på tunet, konsertar, samtalar, skrivekonkurranse for ungdomar, «målbar» på folkehøgskulen til dei seine nattetimar, og ein eller fleire festspeldiktarar. Årets diktar er Gunnhild Øyehaug, og årets festspel byrjar torsdag 25. juni. Då er det naturleg å ta på nynorskbrillene.

LES OGSÅ: Vi som hata storbyen

Tidlegare i juni vart nynorsk redaktørpris delt ut av Mediemållaget. Vinnaren var Klassekampen-redaktør og bokmålsbrukaren Bjørgulv Braanen. Både i avisa du les no og i Klassekampen får journalistane heldigvis skrive på si eiga målform. Braanen grunngjev det slik: «For oss handlar det om å la nynorsken vere eit bruksspråk og ikkje berre eit «pyntespråk» for ekstern kommentar og festlege tilfelle. Om nynorsken skal fungere som nyheitsspråk, er det avgjerande at språket blir brukt ofte nok og av mange nok til at det ikkje stikk seg ut som eit unntak i avisa.»

LES OGSÅ: Knapt en faktabok på nynorsk

Nynorsk blir nok gjerne sett på som eit lyrisk språk, som passar best i Olav H. Hauge-dikt og kåseri av Are Kalvø. Det er eksotisk krydder. Men det treng ikkje vere berre det.

Det er ein stor fordel å få skrive på sitt eige mål, uansett kva yrke ein har. Eg kan garantere at det gir meir arbeidsglede. Det er ein uting at nynorsk er bevisst fråverande i dei største avisene.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Samtidig forstår eg at mange har dårlege minner frå sidemålstimar i skulen. Nynorsk kan vere vanskeleg, det tykkjer eg sjølv også. Det tek litt meir tid å skrive ein tekst på nynorsk enn på bokmål. For kva blir «uttalelse» på nynorsk? Er det lov å skrive «verkelegheit», eller må eg bruke «røynd»? Og kva betyr eigentleg «åtgaum»?

LES OGSÅ: 'Eg fann mi eiga stemme då eg starta å skrive nynorsk'

Dei nynorske festspela løftar fram nynorsken på ein flott måte. Og ein må ikkje vere beinhard Ivar Aasen-entusiast for å delta. Ein må berre ha eit ope sinn. Det kan fleire redaktørar ta lærdom av.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter